Det har vore fleire skogbrannar hittil i år enn kva det var i heile 2017.
– Vi er bekymra. Det har ikkje vore så brannfarleg som no, seier seksjonsleiar for brann og redning i DSB, Hans Kristian Madsen.
Hans Kristian Madsen, fungerande seksjonssjef for brann og redning i DSB, fortel til NRK at dei er svært bekymra over skogbrannfaren.
Foto: ODD SKARBOMYR / DSBDen ekstreme skogbrannfaren krev ekstraordinær beredskap.
Tidlegare har eit helikopter stått klar på bakken. No har ytterlegare 11 helikopter blitt bestilt av Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB).
Skogbrannar kvar einaste dag
– Vi har skogbrannar kvar einaste dag, og helikoptera har vore ute nesten kvar dag i juli, fortel Madsen til NRK.
Hittil i år har det vore 318 brannar i skog og utmark. Brannfaren gjeld særleg Austafjells, men det vert stadig tørrare på Vestlandet.
12 helikopter er no sett inn i beredskap. Det har aldri vore så mange helikopter i beredskap tidlegare.
Foto: Odd Skarbomyr / DSB– Vinden vi har hatt til tider gjer at brannen spreier seg fort. Då er helikopter avgjerande for å få kontroll, seier helikopterpilot John Arne Hellesø.
Skogbrannhelikoptera er for tida i beredskap desse stadene:
- Stranda
- Kinsarvik
- Bringeland
- Sauda
- Stavanger
- Torp
- Kjeller
- Ås
- Værnes
Kritisk låg vasstand
Store delar av vegetasjonen i bakken er no så tørr at den er lett lettenneleg. Det betyr at skog og utmark enkelt kan ta fyr.
– Berre gnistar frå eit tog eller ein sigarettsneip er nok til å starte ein brann, fortel Madsen.
Det er no raude tal over store delar av landet. Det betyr at det er svært høg skogbrannfare. Det er verst på Austlandet, og det er frykta at det vert tørrare også på Vestlandet.
Håkon Mjelstad ved Meteorologisk institutt ser ikkje nokon slutt på det tørre og varme vêret i Sør-Noreg i prognosane for resten av juli.
Foto: NRKHåkon Mjelstad ved Meteorologisk institutt uttalte til NRK førre veke at regnet som kom etter tørre og varme vêret i mai ikkje var nok.
– Ein god del vegetasjon er tørkeskadd, og kan dermed svært lett kan ta fyr, seier Mjelstad.
Kan gå utover liv og helse
Den ekstraordinære beredskapen gjeld førebels til og med 29. juli. Utan helikopterberedskap kan konsekvensane bli alvorlege.
I går var det like før ein skogbrann tende på ei speidarhytte i Krokskogen i Buskerud.
Brannmannskapa blei oppgitte og sjokkerte då dei såg at årsaka til skogbrannen i går etter all sannsyn var eit bål som ikkje hadde blitt sløkkja godt nok.
Foto: Anette Skafjeld / NRK– Det er snakk om store brannar som øydelegg produktiv skog, hus og gardar. I ytste konsekvens kan det gå utover liv og helse, seier Madsen.