Det er blitt gjenteke tallause gongar i det siste: Vi bør få fleire barn for å løyse velferdsutfordringane i framtida. Statsminister Erna Solberg har sagt det ved fleire høve. Men fødselstala er framleis rekordlåge.
Færre på fødestova = færre i klasserommet
Men aldri så gale at det ikkje er godt for noko.
I ein rapport som SSB la fram i går kjem det fram at dei låge fødselstala endrar kraftig på behovet for lærarar i åra framover.
BARN: Statsminister Erna Solberg i nyttårstalen 2019.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTBRapporten seier det vil vere eit overskot på 20.000 barnehagelærarar i 2040, og at etter nokre år med underskot vil det bli eit såkalla overskot på rundt 10.000 lærarar i grunnskulen i 2040. Då har ein teke utgangspunkt i dei som jobbar i skulen og dei som blir utdanna framover.
I ein tilsvarande rapport i 2015 var spådommen at grunnskulen ville mangle 4000 årsverk i 2040. Det ser altså litt lysare ut.
Regjeringa: Høgare krav for å bli lærar
I politikken blir gjerne statistikk brukt til å understreke den forteljinga ein ønskjer å fortelje.
Utdanningspolitikarar på begge sider i politikken meiner rapporten frå SSB viser at deira løysingar for framtida er best.
– Dette nyanserer biletet av ei lærarkrise, seier minister for høgare utdanning, Henrik Asheim (H). Han meiner det fortsatt er riktig å auke talet på lærarstudentar, men trur situasjonen no gjer det mogleg å få endå betre lærarar.
– Når vi ser at vi ikkje lenger har den lærarkrisa som vi har diskutert, så gir jo det eit grunnlag for å stille enda høgare forventningar til dei som kjem inn på lærarutdanninga.
KRAV: Kanskje lærarkrava kan skjerpast, seier kunnskapsminister Guri Melby.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTBRegjeringa har innført eit krav om å ha minst karakteren 4 i matematikk og ønskjer å utvide karakterkravet til også å gjelde norsk og engelsk.
– Dei siste åra har vi stilt ei rekke krav til kompetansen hos dei som underviser i skulen. Dette viser at vi kan fortsette med det på alle trinn og kanskje i endå fleire krav, meiner kunnskapsminister Guri Melby (V).
– Tala viser at det har vore riktig å skjerpe krava, for statistikken viser at vi utdannar nok lærarar for framtida.
Ufaglært-problemet
Men at det er eit såkalla overskot på 10.000 lærarar i grunnskulen om 19 år fortel ikkje alt om utfordringane i barne- og ungdomsskulen.
I dag er det nemleg rundt 20.000 personar som jobbar som lærar for 1. - 10. klasse utan å ha lærarutdanning.
I rapporten går ein ut frå at tilsette utan lærarutdanning som jobbar i skulen i dag fortsatt vil jobbe der.
Talet som viser læraroverskot i rapporten betyr med andre ord at det fortsatt vil vere ufaglærte i grunnskulen i 2040, men at det vil vere mogleg å erstatte ein del ufaglærte med utdanna lærarar, stadfestar SSB til NRK.
«Overskuddet beregnet etter 2025 kan muliggjøre en økning i lærertettheten i grunnskolen (...) utover 11 barn per lærer i snitt på nasjonalt nivå. Eventuelt kan antall personer uten lærerutdanning som er ansatt i undervisningsstillinger reduseres», skriv SSB i rapporten.
– Fortsatt alvorleg krise
Leiaren for den største lærarorganisasjonen, Utdanningsforbundets Steffen Handal, meiner det er liten grunn til å slappe av.
– Kunnskapsdepartementet underslår at det er veldig mange ukvalifiserte som jobbar i skulen. Dei tala departementet vektlegg vil ikkje løyse problemet. Dei vil berre halvere problemet dersom ein ikkje gjer noko.
KRISE: Steffen Handal meiner fortsatt det er ei lærarkrise i grunnskulen.
Foto: GORM KALLESTAD / NTB SCANPIXHandal viser til at det framleis vil vere ein stor del tilsette utan lærarutdanning i grunnskulen.
– Eg er overraska over at kunnskapsdepartementet vel å slå tvil om at det er ein lærarmangel heller enn å kome med tiltak for å løyse det.
– Sjølv om fallande fødselstal gjer at tala ser noko betre ut, så har vi ein alvorleg lærarmangel i mange år framover, seier Handal.
Han meiner i tillegg at regjeringa sitt politiske svar på rapporten er heilt feil.
– Eg synest dei bør vere meir opptekne av å få kvalifiserte lærarar til alle elevar framfor å vere så fokuserte på inntakskrava til lærarutdanninga.
Ap: Fleire folk inn i skulen
Arbeidarpartiets Torstein Tvedt Solberg er einig med Utdanningsforbundet i analysen.
– Når ein går inn i detaljane, ser vi at utfordringane fortsatt vil vere store for grunnskulen. Så behovet er fortsatt stort for å gjere noko med mangelen på fagfolk i både skule og barnehage.
Solberg meiner likevel dei fallande fødselstala gir ei politisk moglegheit.
– Dette gir oss høve til å ha større ambisjonar for skulen og barnehagen framover. Vi kan få inn fleire fagfolk. For Ap sin del er det viktig med fleire tilsette i skulen og barnehagen. Vi går til val på å tilsette fleire lærarar. Desse tala hjelper oss jo i den retninga.