Hopp til innhold

Rekordhøge bensinprisar i Noreg

Bensinprisen gjorde eit byks like før helga og er no rekordhøg i Noreg. Ikkje nok med det, prisen vil halde fram med å stige, meiner analytikarane.

Bensinfylling, fylle bensin

REKORD: Bensin- og dieselprisane går opp til det høgaste nivået nokosinne.

Foto: Anders Fehn / NRK

Rettleiande literpris på bensin frå den største kjeden, Circle K, er no 16 kroner og 70 øre. Prisen har dermed auka med om lag ei krone på eit halvt år.

Vi har no den fjerde høgaste bensinprisen i verda etter Sierra Leone, Hongkong og Island.

Høgare prisar grunna internasjonale forhold

Kommunikasjonsdirektør i Circle K, Pål Heldaas, fortel til NRK at årsaka til dei høge oljeprisane er samansett.

Det er internasjonale forhold som fører til at prisane vert pressa opp.

– Det er fleire samtidige årsaker til at prisane aukar, som høg dollarkurs og høg oljepris. Det er også internasjonal etterspurnad etter drivstoff i desse tider, seier Heldaas.

– Men bensinstasjonkjedene tek seg vel litt betalt òg? Dei driv vel ikkje velgjerd?

– Vi har framleis marginar på drivstoff, men det er små marginar per liter. Det er framleis ein intens priskonkurranse.

Pål Heldaas

Kommunikasjonsdirektør i Circle K, Pål Heldaas, seier at det er internasjonale forhold som fører til at prisane vert pressa opp.

Foto: NRK

Ikkje forholdsvis høge prisar for forbrukaren

Heldaas kan likevel roe ned uroa nordmenn. Sjølv om prisen ser høg ut, vil det ikkje påverke sommarferien stort.

– Køyrer du 100 mil i sommar er det snakk om ein hundrelapp ekstra på feriebudsjettet. Det er nok ikkje det dyraste du vil oppleve i løpet av sommaren, seier Heldaas.

Sidan Noreg har eit høgt inntektsnivå, er ikkje bensinprisane den største utgifta for oss.

Kan stige enno meir

Analytikarane meiner at råoljeprisen skal vidare opp i løpet av hausten. Dette er grunna uro i fleire oljeproduserande land.

Torbjørn Kjus er oljeanalytiker i Dnb

Torbjørn Kjus i DNB Markets trur bensinprisane vil auke.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

Det er geopolitisk uro som pressar råoljeprisen opp – som sanksjonar mot Iran, men også lågare produksjon i Venezuela og stengde oljehamner i Libya.

No er prisen per oljefat kring 80 dollar fatet. Skal ein tru oljeanalytikar i DNB Markets, Torbjørn Kjus, kjem prisen til å stige til 100 dollar fatet.

– Eg trur det blir ein prisoppgang vidare utover hausten. Særleg dersom Libya held fram med å slite. Då kan vi få prisar til 100 dollar fatet. Dersom Libya kjem tilbake, så trur eg at vi vil få prisar på 80–90 dollar fatet, seier Kjus til NRK.

Med ein pris på 100 dollar fatet, vil bensinprisen følgje etter til eit nivå godt over 17 kroner.

– Då vil pumpeprisen stige med ytterlegare 1-1,5 kroner, seier han.

AKTUELT NÅ