NRK Meny
Normal

Rekordhøg førehandsrøysting

707 489 veljarar har førehandsrøysta i år. Det er heile 200 000 fleire enn nokon gong tidlegare.

forhåndsstemming
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

I dag var siste sjanse til å førehandsrøyste til stortingsvalet måndag. På sjølve valdagen kan veljarar berre røyste i heimkommunen sin.

Allereie då vallokala stengte i går hadde heile 622 001 personar førehandsrøysta. Nær 100 000 av desse førehandsrøysta i Oslo, skriv Kommunal- og regionaldepartementet i ei pressemelding.

Rundt 700 000 førehandsrøyster

Oppteljinga no syner at heile 85.488 personar har førehandsrøysta i dag.

Dette utgjer nær 20 prosent av dei 3.534 000 som har røysterett ved valet.

Det er ErgoGroup som har ansvaret for førehandsrøystinga i alle kommunane i landet med unntak av Oslo. I ettermiddag var talet på førehandsrøystingar for desse kommunane oppe i 593 100.

Endeleg tal på førehandsrøysting vert klart seinare i kveld. Nokre stader er vallokala oppe fram til klokka 21.

Les også: 30 prosent flere har forhåndsstemt

Slår rekorden frå 2001

Den tidlegare rekorden for førehandsrøysting er frå 2001, då totalt 502 000 gjekk til valurnene føre valdagen. Det er 205.489 personar færre enn det som førehandsrøysta i år.

Ved valet i 2005 kom det inn samanlagt 473 000 førehandsrøyster.

Kan skuldast influensafrykt

Kommunikasjonssjef Liv Merete Wiker i Kommunal- og regionaldepartementet trur auken skuldest at det har vore særleg stor merksemd rundt førehandsrøysting i år.

- Det er sjølvsagt ikkje lett å vite om det er dette som er årsaka, men høve til å førehandsrøyste har vore ein sentral del av valreklamen vår i år, seier ho.

- Det har også vorte snakka mykje om førehandsrøysting fordi det fyrst såg ut som at svineinfluensaen kunne verte meir omfattande enn slik det no ser ut, legg ho til.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger