NRK Meny
Normal

Rekorddårleg måling for SV

Høgre og Framstegspartiet får reint fleirtal dersom stortingsvalet skulle stått i dag, medan SV dalar enno lågare under sperregrensa.

Audun Lysbakken

Audun Lysbakken i SV har ikkje mykje å smile av for tida.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Måling etter måling – den eine dystrare enn den andre. Etter at Audun Lysbakken overtok som partileiar for SV har det berre gått ein veg.

No set partiet ein ny botnrekord på NRK sine målingar. Berre 3,2 prosent av veljarane seier dei vil stemme på SV ved stortingsvalet til neste år. Det er 2,5 prosentpoeng lågare enn då Kristin Halvorsen gjekk av som partileiar i mars.

– Eg er heilt sikker på ein ting. Det er at det er for tidleg å spå om valresultatet neste år. Eg trur det er nok folk som bryr seg om miljø og rettferd til at me får eit godt resultat neste år, seier SV-leiar Audun Lysbakken om resultatet.

Dersom valresultatet hadde blitt som ved målinga, ville SV berre hatt éin representant på Stortinget, og då hatt like mykje makt som Raudt, som også hadde kome inn med eitt mandat.

Partibarometer august mot valg 09

Parti 

August

Valg 09

 Diff august valg 09

Ap

 30,3

 35,4

   - 5,1

FrP

 21,4

 22,9

   - 1,5

Høgre

 27,9

 17,2

 + 10,7

KrF

   5,0

   5,5

   - 0,5

Raudt

   1,7

   1,3

  + 0,4

Sp

   4,3

   6,2

   - 1,9

SV

   3,2

   6,2

   - 3,0

Venstre

   4,8

   3,9

  + 0,9

Andre

   1,4

   1,4

      -

Blåblått fleirtal

Elles viser målinga at høgrevinden framleis bles godt i landet. Høgre får 27,9 prosent av stemmene, fram 10,7 prosentpoeng frå valet i 2009. Framstegspartiet landar på 21,4 prosent (tilbake 1,4). Det gjer at dei to borgarlege partia ville ha fått eit reint fleirtal på Stortinget.

Arbeiderpartiet aukar noko i oppslutning frå julimålinga, til 30,3 prosent. Senterpartiet klarar så vidt å klamre seg over sperregrensa, med 4,3 prosent (tilbake 1,9).

Dei øvrige partia har små endringar: Venstre 4,8 prosent, KrF 5,5 prosent og Raudt 1,7 prosent.

Dette resultatet ville ha ført til at Høgre og Framstegspartiet får fleirtal på Stortinget. Dei ville hatt 88 mandat, mot 63 til dei raudgrøne. Den samla opposisjonen ville hatt 106 mandat, og dermed utklassert den raudgrøne fleirtalsregjeringa.

Mandatfordeling august 12 mot valg 09

Parti

Mandatar i august

Mandatar val 09

Diff. august mot val 09

Ap

54

64

  -10

Frp

39

41

   - 2

Høgre

49

30

+ 19

KrF

9

10

   - 1

Raudt

1

0

  + 1

Sp

8

11

   - 3

SV

1

11

 - 10

Venstre

8

2

  + 6

Andre

0

0

     0

Ingen eksakt vitskap

Men ein skal alltid vere litt forsiktige med å stole blindt meiningsmålingar. Det er nemleg fleire måter å rekne ut målingane på.

Norstat vektar målingane sine. Det vil seie at dei justerar svara for å få eit meir representativt utval. Til dømes: Dersom berre 300 kvinner svarar på ei måling der 1000 vert spurt, vil målinga bli vekta som om det skulle vere 500 kvinner.

Det vert også gjort vekting i høve til kva slags parti deltakarane stemte på ved førre stortingsval. Dette er også for å få eit så representativt utval som mogleg. Problemet er berre at dei partia som gjorde eit svært godt val i 2009 gjerne blir vekta for høgt, og motsett for partia som gjorde eit svært dårleg val.

I målingane denne sesongen er det grunn til å tru at Framstegspartiet kan ha vore vekta for høgt. Dei gjorde eit rekordval i 2009 med 22,9 prosent.

Dersom ein ser på resultata uvekta på denne målinga, får Framstegspartiet berre 12 prosent oppslutning, altså nesten 10 prosent lågare enn dei vekta tala. Uvekta oppslutning for dei andre partia er Ap (33,8 prosent), Høgre (33,4 prosent), KrF (4,3 prosent), Sp (4,6 prosent), SV (3,9 prosent) og Venstre (5,2 prosent).

Bernt Aardal, valgforsker

Statsvitar Bernt Aardal seier det er viktig å vere klar over at vekting av målingar kan gi eit skeivt bilete.

Foto: Nejad, Arash A. / SCANPIX

Statsvitar ved Universitetet i Oslo, Bernt Aardal, meiner Frp ligg ein stad mellom desse tala.

– Eg trur ikkje dei ligg på 21 prosent. Men eg trur nok dei har henta seg inn igjen i høve til det siste valet, då dei fekk 11 prosent. Det er særeg bytteforholdet mellom Høgre og Frp som vert interessant i 2013, for me har sett tidlegare at beggje partia har hatt høg lojalitet, seier Aardal.

Han seier det er viktig å tenkje på at meiningsmålingar ikkje er ein eksakt vitskap, og opplyser at det er ein diskusjon i gallup-bransjen om bruken av vekta tal.

– Vektinga gjer at ein kan få svært store sprik. Det er viktig at byråa er ærlege om metodikken dei brukar, slik at lesarane er klar over at det kan vere feilmarginar.

Undersøkelsen er gjort i perioden 31. juli til 6. august. 981 personer ble spurt. Feilmarginen varierer mellom 0,9 og 3,4 prosent.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger