Hopp til innhold

Rekord i tv-titting

Aldri har nordmenn sett meir tv enn i 2008.

TV-titting
Foto: Scanpix / SCANPIX

Nordmenn såg i gjennomsnitt 174 minutt på tv kvar dag i fjor, det er 20 minutt meir enn i 2007.

Forskingsleirar Kristian Tolonen i NRK forklarar oppgangen fyrst og fremst med digitalisering av fjernsynet, men også med fleire store idrettsarrangement og eit godt programtilbod.

- Digitaliseringa av fjernsynet har ført til mange mange små kanalar som til saman gir auka tv-bruk i norske heimar. Store idrettsarrangement som OL og fotball VM bidreg også til gode sjåartal, dessutan har det vore mange gode fjernsynsprogram på norsk tv i løpet av hausten, seier han.

Tv-sjåing

År

Minutt

2008

174

2007

154

2006

156

2005

164

2004

166

Det har tidlegare vore nemnt at folk sit heime og ser meir på tv når dei får dårlegare økonomi, men forskingsleiraren har ingen tru på at finanskrisa har medverka til meir tv-sjåing.

- Finanskrisa ramma ikkje Noreg for fullt før i november, og har dermed ikkje påverka sjåartala endå, men det blir spanande å sjå korleis nedgangstida vil virke inn på sjåartala for 2009, seier Tolonen.

AKTUELT NÅ