NRK Meny
Normal

Reknar med regn

Det blir vind, is og regn for alle pengane for Per Olav i september. Newton gjer seg klar for Ektremværuka.

Per Olav Alvestad
Foto: NRK

Newton førebur seg nå til ei veke med ekstremt ver og direktesendingar.

Kvar sundag gjer Newton sjåarane svar ting dei ikkje visste at dei lurte på. Nå har de fått ansvaret for Regnsjekken under NRK si Ekstremværuke.

- Det er eit heilt unikt prosjekt. For første gang skal vi få vita alt om nedbøren i heile Norge i løpet av ei veke, fortel Per Olav Alvestad.

Eigen verstasjon

- Vi vil følje utviklinga i Regnsjekken og eg skal ha min eigen verstasjon, seier programleiaren.

Det heile sparkast i gang søndag 24. september. Skuleelevar og privatpersonar frå heile landet er invitert med til å starte målingane frå morgonen av. Newtonsendinga klokka 18.30 er startskotet for Ekstremværuka på NRK.

Regnsjekkarar kjem på TV

Det heile ender med ei direktesending søndag 1.oktober.

- Der skal vi få rapportar frå heile landet om ulike resultat frå Regnsjekken, eg får besøk av ungar frå dei tre mest aktive kommunane i landet. Altså dei som har vore mest aktive når det gjeld Regnsjekken, fortel Per Olav.

Han oppmodar alle til å melda seg på Regnsjekken og vere med på den nasjonale dugnaden for å registrera regndråpar land og strand rundt. Dessutan har Per Olav og Newtongjengen fleire godbitar på lur.

- Elles blir det sikkert mykje artig, er alt han vil seie.

Ver i alle kanalar

Men det er ikkje berre Newton som skal handle om ver i slutten av september. Det blir høge bølgjer, orkan i kasta og steikande sol i alle kanalar.

Meld deg på Regnsjekken!

Meld skolen din på Regnsjekken!

Kjøp en regnmåler!

Lag en regnmåler!

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger