Hopp til innhold

Reklamerte for alkohol-styrting på TikTok

Aktøren Chugger.no reklamerte for styrting av alkohol på TikTok og Instagram. Eit klart brot på alkohollova, meiner dagleg leiar i Barnevakten.

Videoer fra Intagram-kontoen Chugger.no. Mann drikker fra rusbrusflasker.

Chugger.no reklamerte for produktet sitt på Instagram og TikTok. Rusbrusen Breezer blei mykje brukt. No er videoane og bilda fjerna.

«Popp ei flaske og sett chuggeren over halsen. Deretter snur du flaska opp ned med munnen rundt den andre enden og chugger drikka. Kor lang tid brukar du?»

Slik skildrar nettbutikken Chugger.no produktet sitt med same namn. «Chugger» er eit verktøy som brukast for å drikke innhaldet i ei flaske svært raskt.

Aktøren har reklamert for produktet med ei rekkje videoar på dei sosiale media TikTok og Instagram.

I videoane drikk dei rusbrus og øl. Brukarar blir og oppmoda til å kjøpe produktet og prøve å slå rekordar.

Mann drikker fra spritflaske.

Chugger.no har delt videoar frå kundar på sine sosiale medium. Fleire av dei inneheld alkohol.

Foto: Skjermdump / TikTok
Kvinne drikker fra flaske.
Foto: Skjermdump / Tiktok
Mann i park tester drikkeverktøy
Foto: Skjermdump / TikTok

– Brot på alkohollova

Den ideelle organisasjonen Barnevakten jobbar for at barn og unge skal bruke digitale medium på ein trygg og medviten måte.

Dagleg leiar Leif Gunnar Vestbøstad Vik reagerer på marknadsføringa til Chugger.no.

– Det er alvorleg når eit norsk selskap til dei gradar blir freista til å bryte reklameforbodet mot alkohol for å få økonomisk gevinst, seier han.

Alkohollova slår fast at det ikkje er lov å la alkoholhaldig drikk inngå i marknadsføring av andre varer eller tenester.

Det seier Øyvind Giæver, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet til NRK.

Giæver vil ikkje kommentere enkeltsaker men seier at forbodet omfattar sosiale medium, inkludert TikTok.

– Dette er òg ein kanal som når mange barn og unge, noko som kan gjere eventuelle brot på alkoholreklameforbodet i denne kanalen særleg alvorleg, seier Giæver.

Avdelingsdirektør Øyvind Giæver i Helsedirektoratet

Øyvind Giæver, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.

Foto: Svein Olsson / NRK

– Utydeleg

Vik meiner Chugger.no sin marknadsføring òg er utydeleg.

Han fortel at det kan vere vanskeleg å skilje privatpersonar frå kommersielle aktørar på sosiale medium.

– På TikTok og Instagram har dei laga kampanjar som, for barn og unge, ser ut som om det er privatpersonar som delar innlegg om at dei drikk flasker med øl, rusbrus og sprit på kortast mogleg tid, seier Vik.

Han meiner også vaksne kan slite med å forstå at det er ein kommersiell aktør som står bak desse videoane.

– Slik marknadsføring ønsker vi ikkje noko av, og ber norske styresmakter gripe inn. Foreldre i Noreg ønsker mest mogleg trygge sosiale medium for barna våre. Her har vi eit felles ansvar for å få det til, både enkeltpersonar, næringslivet og styresmaktene.

Leif Gunnar Vestbøstad Vik, dagleg leiar i Barnevakten.

Leif Gunnar Vestbøstad Vik, dagleg leiar i Barnevakten.

Foto: Studio 1 fotografene

Har fjerna videoar

Andreas Johansen Eide driv Chugger.no.

– Eg starta denne butikken for nokre veker sidan og meininga var aldri at dette skulle stride mot lova og påverke dei yngre, seier han til NRK.

For nokre dagar sidan var det eit innlegg om kontoen i ei Facebookgruppe. Eide valde å fjerne alle videoane som kunne knytast til alkohol etter innspel frå andre i diskusjonen som følgde.

– Nettsida er òg endra og vi kjem ikkje til å bruke alkoholhaldig drikk i videoane våre framover, seier Eide.

LES: Fjernet 13 av 14 Instagram-innlegg etter kritikk fra Helsedirektoratet

– Kjem ikkje til å skje igjen

Han meiner det er mange andre som legg ut TikTok-videoar med alkohol, og at nokre av desse kan bli sett på som marknadsføring.

– Det er òg andre i Noreg som sel akkurat same produkt og som har gjort dette over ein mykje lengre periode, held Eide fram.

Han legg til at han forhøyrde seg med TikTok om denne typen videoar frå starten, og at dei skal ha meint at innhaldet var «innanfor».

–Eg vil beklage for bruk av alkohol i nokre av videoane og seie at det ikkje kjem til å skje igjen, avsluttar Eide.

AKTUELT NÅ