Hopp til innhold

Rekeseljar kan vere «pasient null»

Ein kvinneleg 57 år gammal rekeseljar på utandørsmarknaden Huanan i den kinesiske byen Wuhan kan vere «pasient null», det første mennesket som vart smitta av koronaviruset SARS-CoV-2.

Politimann framfor inngangen til Huanan-marknaden i Wuhan.

Ein politimann vaktar inngangen til den no stengde utandørsmarknaden Huanan i den kinesiske storbyen Wuhan.

Foto: HECTOR RETAMAL / AFP

I eit intervju med den kinesiske avisa «The Paper» fortel Wei Guixian ho var på jobb på marknaden 10. desember i fjor, då ho fekk det ho trudde var symptom på forkjøling.

– Eg brukar å få influensa kvar vinter. Så eg trudde det var influensa. Eg kjende meg litt trøytt, men ikkje så trøytt som då eg var sjuk sist vinter, seier ho i intervjuet. Ho gjekk til eit lite helsesenter for å få hjelp, men vende tilbake til jobben same dagen.

Kø av menneske som vil teste seg ved Wuhan Union Hospital 30. januar 2020.

Menneske i kø for å teste seg for covid-19 ved Wuhan Union Hospital. Det var her Wei Guixian til slutt vart innlagt.

Foto: AP

Ho kjende seg ikkje betre, og dagen etter oppsøkte 57-åringen eit lokalt sjukehus. Her fekk ho ei sprøyte, men det hjelpte heller ikkje. Neste dag igjen reiste ho til eit større sjukehus, Sjukehus 11 i millionbyen.

– Utan styrke og energi

– Legen som behandla meg der greidde ikkje å finne ut kva som feilte meg, men han gav meg nokre pillar. Men dei hjelpte heller ikkje. Eg vart berre verre, og eg miste all styrke og energi, fortel ho.

16. desember oppsøkte Wei Guixian eitt av dei største sjukehusa i Wuhan, Wuhan Union Hospital. Her var det ein lege som sa at sjukdomen hennar var svært aggressiv, og at fleire andre som jobbar på den same marknaden som henne hadde vore innom sjukehuset med liknande symptom.

Mot slutten av månaden vart ho sett i karantene. Først då hadde legane endeleg slått fast at det var ein samanheng mellom sjukdomssymptoma og marknadsplassen. 31. desember slo legane ved sjukehuset fast at Wei Guixian var ein dei første 27 pasientane som hadde testa positivt på Sars-cov-2-viruset. Og at ho var eitt av 24 tilfelle som kunne knytast direkte til marknadsplassen Huanan.

Den 57 år gamle rekeseljaren er no heilt frisk. Ho vart uskriven frå sjukehuset i januar.

Togstasjon i Shanghai 28. mars 2020.

Sjukdomen verkar å vere på retur i Kina, men dei fleste brukar ansiktsmasker for å verne seg. Her frå ein togstasjon i Shanghai 28. mars.

Foto: HECTOR RETAMAL / HECTOR RETAMAL

Kinesisk politi i korona-klammeri

– Smitta på fellestoalett

– Eg trur eg vart smitta på eit toalett på marknaden som vi delte med folk frå fleire avdelingar på marknaden, både kjøtseljarar og andre, seier ho.

Seljarane som jobba på begge sider av Wei på marknaden vart også smitta. Også ei av døtrene hennar vart smitta, og det same skjedde med ei niese og mannen hennar.

– Langt færre ville ha døydd her i landet om styresmaktene hadde reagert tidlegare, seier ho.

Sidan starten på pandemien er det meldt om rundt 82.000 sjukdomstilfelle i Kina, viser tal frå Johns Hopkins-universitetet. På verdsbasis er over 600.000 smitta, ifølgje instituttet. Talet på døde er no over 28.000, og det er rapportert om smitte i over 180 land og territorium.

Intervjuet med Wei Guixian er omsett til engelsk av news.com.au .

Pandemien starta i Kina, men no herjar sjukdomen verst i land som Italia, Spania, Iran og USA.

SISTE NYTT

Siste nytt