Hopp til innhold

Reiseliv mot forskning på Svalbard

Begge er i medvind, begge skal skal vere bærebjelkar i øysamfunnet, og begge lever av den reine naturen. Men i fleire saker står forskning og reiseliv mot kvarandre på Svalbard.

Turister på Svalbard
Foto: Sidsel Avlund / NRK

Etter at antalet ilandstigningar på aust-Svalbard er tidobla i løpet av få år, vil styremaktene no stenge området for turistar. Berre nokre få stader skal reisande få lov å gå i land. Området skal skjermast på grunn av forskning.

I Ny Ålesund kjem meir enn 30.000 turistar i land frå cruisebåtar i løpet av denne sommarsesongen. Det mislikar dei som driv med luftforsking på Zeppelinfjellet over byen.

Nett-TV: Vil stenge deler av Svalbard for turisme

Kompromiss

- Det er nødvendig å begrense cruisetrafikken fordi det påverkar klimaet. Det vanskeleg å foreine slik turisme med forskningsaktiviteten, seier direktøren i Norsk Institutt for Luftforsking Gunnar Jordfald. Frå sin forskingsstasjon ser han at målingane av gassar som skriv seg frå blant anna skipstrafikk, aukar.

Administrerande direktør for Kings Bay AS, som driv Ny Ålesund, Oddvar Midtkandal, seier at å sleppe cruiseturistar i land i Ny Ålesund er eit kompromiss.

- Dersom vi nektar dei å kome inn her under kontroll, vil dei i større grad bli slept i land andre stader langs kysten der det ikkje er lagt til rette for det. Det vil gi mykje større risiko for slitasje, forureining, forsøpling og uhell, seier han.

Cruiseturismen dobla

Cruisebåt på Svalbard

Cruisebåt på Svalbard.

Foto: Sidsel Avlund / NRK

Cruiseturismen rundt Svalbard er dobla dei siste ti åra. Samstundes veks forskningsaktiviteten og vitskapsfolk frå mange delar av verda ønskjer å etablere sine prosjekt på øya som blir kalla referansestaden for klimaforskninga i verda. No vurderer ei arbeidsgruppe i justisdepartementet om det er naudsynt å regulere trafikken i Ny Ålesund endå strengare. Cruisenæringa meiner deira arbeid blir undergravd med desse innstrammingane.

- Oppdagar- og utforskingsturisme påverkar i liten eller ingen grad naturmiljøet. Vi har lite aktivitetar i land, seier Jan S. Sivertsen i Spitsbergen Travel. Deira ambisjon er å utdanne gjestene til miljøambassadørar, slik at dei reiser heim med ei større forståing av natur, miljø og klimaendringane.

Begge vinn

Miljøvernminister Erik Solheim (Sv) meiner det er naudsynt å regulere turistnæringa på Svalbard noko strengare.

- Naturreservata på austsvalbard er blant verdas mest sårbare område. Eit fotavtrykk der kan ta mange år å rette opp. Det er viktig å skjerme området som referansestad for forskning.

- Så når forskinga sine interesser står mot reiselivet sine interesser, så vinn forskinga?

- Forskinga vinn fordi området blir bevart. Men reiselivet vinn også, for berre dersom vi bevarer områda vil dei halde fram med å vere interessante for turistar på lang sikt. Då kan cruiseturismen halde fram å vekse, seier miljøvernministeren.

AKTUELT NÅ