Jente med munnbind på Taiwan. (Foto: Reuters)
Tidlegare har norske helsestyresmakter frårådd reiser til Hongkong og Kina.
SARS-situasjonen i desse områda er uavklart og det er grunn til å tru at det er fare for å bli smitta, skriv Sosial- og helsedirektoratet i ei pressemelding.
Transittreiser OK
Helsestyresmaktene vil ikkje frårå reiser til nokon av dei andre områda der SARS førekjem. Heller ikkje transitt- eller mellomlandingar på internasjonale flyplassar i desse områda blir frårådde, så lenge dei reisande ikkje går ut av transittområdet på flyplassen.
Sosial- og helsedirektoratet baserer tilrådingane sine på råd fra Nasjonalt folkehelseinstitutt. Råda byggjer også på vurderingar frå Verdas helseorganisasjon (WHO).
WHO utvidar
Tidlegare i dag kom det melding om at WHO no utvidar åtvaringane mot unødvendige reiser til også å gjelde den taiwanske hovudstaden Taipei.
Åtvaringa omfattar dessutan provinsane Tian-jin- og Indre Mongolia i Nord-Kina.
Over fem hundre menneske er til nå døde på grunn av lungesjukdommen SARS på verdsbasis.
Odense
Legane på Odense universitetshospital avbles i dag SARS-alarmen i Danmark.
Den 20 år gamle kvinna som blei innlagd på sjukehuset i går ettermiddag med mistanke om smitte, er legane no nær 100 prosent sikre på at ikkje er smitta, heiter det.