Hopp til innhold

Regjeringa vil straffe netthets mot offentleg tilsette

Hets og trakassering av offentleg tilsette i sosiale medium er eit aukande problem. Det er særleg tilsette i barnevernet som blir råka. No foreslår regjeringa å endre lova for å straffe dei som hetsar.

Justisminister Tor Mikkel Wara

Justisminister Tor Mikkel Wara ønsker å gi offentlege tenestemenn eit særleg vern. Han sender difor ut ei lovendring på høyring som kan gjere det enklare å straffe dei som trugar eller hetsar barnevernstilsette, politi og andre offentleg tilsette.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Nettpatruljen til Kripos får inn stadig fleire tips om hets og trakassering av yrkesgrupper som sosialarbeidarar, barnevernstilsette og politi. I lukka grupper på Facebook deler medlemmane informasjon om offentleg tilsette.

Slik informasjon kan vere bilete av den tilsette, adresse og informasjon om familiemedlemmar. I enkelte tilfelle blir det også fremja trugsmål mot namngjevne personar, med lovnad om dusør eller skotpremie.

Justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara (Frp) seier han ser svært alvorleg på at stadig fleire blir truga for den jobben dei er sett til å gjere.

– Det er veldig alvorleg. Dette er trugsmål mot menneske som gjer ein jobb dei er sett til å gjere av demokratisk valde institusjonar.

Vil ha lovendring

Ifølgje tal frå Nasjonal overvåking av arbeidsmiljø er vernepleiarar og sosialarbeidarar dei som er mest utsette for slik trakassering. Deretter følgde politi, pleie- og omsorgsarbeidarar og sjukepleiarar.

Hetsen er ofte krenkande og vanskeleg å verne seg mot. Hetsen og trugsmåla blir ofte fremja for å gjere folk redde og ikkje gjere den jobben dei er sett til å gjere. Men det har vore vanskeleg å få nokon straffa for slike trugsmål.

Men no sender regjeringa ut ei lovendring på høyring som skjerpar lovteksten, og skal gi offentleg tilsette eit særleg rettsvern.

– Vi ønsker å gi fleire verktøy i kassa slik at ein kan slå ned på også det som er aktivt forsøk på å påverke offentlege tenestemenn til å gjere noko anna enn det som er deira demokratiske plikt.

– Uakseptabelt

Netthets av offentleg tilsette er ikkje eit nytt fenomen, og det har vore gjort fleire forsøk på å setje i verk tiltak tidlegare. I 2016 la regjeringa fram ein handlingsplan mot hatefulle ytringar, der dei la fram 23 punkt som skulle stoppe slike utsegn.

Linda Hofstad Helleland, WADA

Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland seier den hetsen offentleg tilsette opplever på grunn av jobben sin er heilt uakseptabel.

Foto: Valentin Flauraud / AP

Og no ønsker regjeringa å følgje opp dette arbeidet med ei lovending, seier barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland.

– Dette er eit varsel om at yrkesgrupper som barnevernstilsette treng eit ekstra vern. Det er totalt uakseptabelt at dei ikkje berre må stå i ein krevjande jobb, men også vere uroa for eigen tryggleik og tryggleiken til eigne barn på grunn av jobben dei gjer på vegner av oss alle.

AKTUELT NÅ