Hopp til innhold

Vil nekte kommunane å innføre strenge smitteverntiltak under valet

For å unngå det regjeringa kallar «alvorlige konsekvenser,» vil dei ta makt frå kommunane i tida rundt stortingsvalet til hausten.

Statsminister Erna Solberg

STEMMER: Statsminister Erna Solberg og ektemannen Sindre Finnes i vallokale i Bergen i september 2019.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Det kjem fram i eit høyringsnotat frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det er dei som har det øvste ansvaret for gjennomføringa valet.

Kommunane sin organisasjon, KS, meiner forslaget er unødvendig.

Det er ingen som veit korleis smittesituasjonen er i september, men departementet førebur seg på at smittenivået framleis kan vere høgt.

Inngripande tiltak kan difor få konsekvensar for stortingsvalet:

Slike tiltak kan tenkes å ramme den enkelte borgers grunnlovfestede rett til å stemme.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

«Alvorlige konsekvenser»

Departementet meiner det er behov for «en midlertidig innskrenking i kommunenes myndighet under selve valget».

Kommunane skal ikkje få lov til å innføre tiltak som vil gjere det umogleg å gjennomføre valet:

«Et scenario der en eller flere kommuner vurderer å innføre smitteverntiltak som vil hindre gjennomføringen av valget, og også muligens kommer til ulike konklusjoner, vil etter departementets vurdering være svært uheldig og få alvorlige konsekvenser for legitimiteten til valget,» står det i høyringsnotatet frå departementet.

Statsråd Nikolai Astrup forsvarar forslaget.

– Vi må gjennomføre eit val i løpet av september. Det står i grunnlova. Det er ikkje eit alternativ å utsetje valet, seier Astrup til NRK.

Nikolai Astrup
Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Vi kan ikkje hamne i ein situasjon der til dømes ein kommune stengjer heilt ned, slik at ikkje alle får stemt.

Ser ikkje ser behovet eller hensikta

Direktør for interessepolitikk i KS, Helge Eide, seier til NRK at forslaget frå regjeringa er unødvendig.

– Visst det er nokon som er opptekne av å få gjennomført valet, slik at alle får stemt, så er det kommunane, seier Eide.

Han fortel at dei ikkje ser behovet eller hensikta med å lage ein slik regel.

– Vi er opptekne av å få gjennomført valet tryggast mogleg for alle som har stemmerett, seier Eide.

Regjeringa går no gjennom alle innspela som har kome i høyringa, og vil i slutten av februar sende ein proposisjon til Stortinget.

AKTUELT NÅ