Hopp til innhold

Justisministeren vil la fleire bidra under pandemien

Justisdepartementet vil opne opp for at utlendingar med helsefagleg bakgrunn, og som er busett i Noreg, skal få bidra under pandemien. Endringa gjeld frå måndag.

Justisminister Monica Mæland

Justisminister Monica Mæland (H) vil opne opp for at utlendingar med helsefagleg kompetanse i Noreg, skal få bidra under pandemien.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Pandemien har gjort at helsesektoren har eit stort behov for ekstra arbeidskraft for å avlaste dei som jobbar der til dagleg.

I vår blei personar med helsefagleg kompetanse bedne om å melde seg som reservepersonell for å sikre drifta i ein krevjande periode.

Behovet for ekstra bemanning i helse- og omsorgssektoren er framleis til stades. Difor opnar regjeringa for at utlendingar med helsefagleg bakgrunn, som bur i Noreg, no skal kunne bidra. Kravet er at dei er friske og oppfyller alle smittevilkår.

– Vi gjer ei endring slik at personar som er i Noreg, men som har avgrensingar i tilgjenget til å jobbe, men har helsefagleg utdanning, no kan jobbe. Vi må rett og slett ta alle gode krefter i bruk, seier justisminister Monica Mæland (H) til NRK.

Utvida arbeidsløyve

Mæland seier mange har teke kontakt fordi dei gjerne vil bidra. Blant dei som har teke kontakt er utanlandske studentar som studerer helsefag i Noreg, og utlendingar med helsefagleg kompetanse som har arbeidsløyve i Noreg, men som har avgrensingar i kva dei kan jobbe med.

– Dette er personar som bur og oppheld seg i Noreg, som i dag studerer eller jobbar. Dei har opphaldsløyve. Det handlar rett og slett om å utvide tilgangen til å arbeide, seier ho.

Endringa gjeld frå måndag, og justisministeren ber dei som har den rette bakgrunnen, og som vil bidra, om å ta kontakt med UDI for å få utvida arbeidsløyvet.

Uvisst kor mange

Justisdepartementet har foreløpig ikkje oversikt over kor mange ekstra hender instruksen kan bidra med til helsesektoren. Men dei opplyser til NRK at det truleg er færre enn 100 personar.

– Vi veit at det er ein del utanlandske studentar som studerer helsefag i Noreg. Vi veit også at det er ein del som har jobbar der arbeidsløyvet er avgrensa til desse stillingane. Så vi håper dette skal gi eit bidrag til kommunane og helseføretaka, seier Mæland.

Endringa vil vare så lenge det er nødvendig, seier ho.

– Det er avhengig av kor lenge pandemien varer, og korleis behovet i helse- og omsorgssektoren blir. Men dette gjer vi så lenge det er nødvendig.

AKTUELT NÅ