Hopp til innhold

Regjeringa vil ha meir pengar frå næringslivet til universitet og høgskular

Ifølgje OECD ligg Noreg heilt på botnen når det gjeld private bidrag til universitet og høgskular frå næringslivet og andre aktørar.

Iselin Nybø

Minister for høgare utdanning, Iselin Nybø (V), vil at private næringsdrivande skal gi fleire gåver til universitet og høgskular.

Foto: Marte Garmann

Ein rapport OECD nyleg publiserte, syner korleis norsk utdanning og norske universitet og høgskular gjer det samanlikna med andre OECD-land .

Der kjem det fram at Noreg ligg heilt nedst når det kjem til økonomiske bidrag frå næringsliv og andre private aktørar. I 2015 kom berre 0,2 prosent av finansieringa til høgare udanningsinstitusjonar frå slike aktørar. Med det hamnar Noreg bak alle andre land i OECD på dette.

– I Noreg har vi gode offentleg finansierte universitet og høgskular, og det skal vi framleis ha, men eg skulle ønskje at universiteta og høgskulane våre fekk enda fleire gåver frå næringsliv og frå privatpersonar, seier Iselin Nybø, minister for høgare utdanning (V), til NRK.

Ho synest ikkje at det direkte er eit problem at Noreg er nedst på denne lista, men understrekar at gåver frå private vil føre til at universiteta og høgskulane kan gjere endå meir enn det dei gjer i dag.

– Det vil vere pengar som kjem på toppen av den offentlege finansieringa. Det vil kome både universiteta og høgskulane til gode, men også samfunnet generelt, legg ho til.

Andreas Sjalg Unneland

Andreas Unneland er leiar for Sosialistisk Ungdom, ungdomspartiet til Sosialistisk Venstreparti.

Foto: Daniel Rognskog

– Naivt

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Andreas Unneland, meiner at avtalar mellom private og universitet ofte er kortsiktige, og at dei handlar om kva som er lønsamt for bedriftene sjølve.

– Alle er einige om at vi er nøydde til å satse meir på forsking dersom vi skal klare å løyse utfordringane i framtida, men no har vi ein utdanningsminister som seier frå seg det ansvaret og heller ønskjer å gi jobben til private aktørar.

Han får med seg stortingsrepresentant Nils Kristen Sandtrøen, som seier at regjeringa heller bør styrke utdanningstilbodet gjennom skatteseddelen.

NKS

Nils Kristen Sandtrøen (Ap) vil heller at regjeringa skal satse sterkare på finansiering av høgare utdanning gjennom skatteseddelen.

Foto: PETER MYDSKE / PETER MYDSKE

– Dei rikaste i Noreg bør heller bidra til utdanning gjennom skatt. Konsekvensen av for svak offentleg finansiering og nedlegging av tilbod, i kombinasjon med at ein skal gjere seg avhengig av privatisert finansiering, gjer jo at du svekker demokratisk styring av utdanninga.

Andreas Unneland er òg bekymra for at det med auka privat finansiering vil kome føringar for universiteta og høgskulane.

– Det er ganske naivt å tru at det ikkje vil få konsekvensar for den faglege fridomen til akademia, seier han til NRK.

Nybø avviser denne kritikken.

– Denne regjeringa har verkeleg prioritert høgare utdanning og forsking. Vi har auka budsjetta til universiteta og høgskulane våre betydeleg. Private gåver vil kome på toppen av det, og ikkje i staden for.

Exteriør bilde av universitetet i Stavanger.

Universitetet i Stavanger er ein av fleire offentlege utdanningsinstitusjonar som har fått privat støtte.

Foto: Carina Johansen / NTB scanpix

– Akademisk fridom viktig

Sjølv om Noreg altså berre har 0,2 prosent privat finansiering i høgare utdanning, finst det likevel fleire døme på private bidrag i form av gåver.

I høve 100-årsjubileet til verksemda, gav investorselskapet Smedvig campushotellet Ydalir i gåve til universitetet i Stavanger. Hotellet blir brukt av universitetet, og i tillegg skal overskotet av drifta gå til universitetet.

– Vi ønskjer å støtte universitetet og å byggje opp under utdanning i ein region som treng omstilling, seier eigedomsdirektør i Smedvig, Jostein Kalsheim.

Kalsheim seier til NRK at dei ikkje legg føringar for korleis overskotet skal bli brukt, utanom at pengane skal gå til forsking og ikkje til drift av universitetet. Trond Mohn i Bergen har også gitt betydelege summar til høgare utdanning.

Iselin Nybø seier at det er grunnleggjande at den akademiske fridomen blir respektert.

Men med meir bidrag frå næringslivet, vil det kunne bli slik at private aktørar kan stille krav og leggje føringar for universiteta?

– Eg ser ikkje på dette som eit problem, for dei mest prestisjetunge og beste universiteta i verda i dag tek imot milliardar i gåver. Prestisjen, sjølvstendet og den faglege integriteten dei har, syner at det er mogeleg med gåver frå private utan å gå på akkord med den akademiske fridomen, svarar ho.

Rektor Marit Boyesen

Rektor Marit Boyesen ved Universitetet i Stavanger er positiv til private bidrag til høgare utdanning, men er klar på at det ikkje må bli ei sovepute for politikarane.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Må ikkje bli ei sovepute

Rektor ved Universitetet i Stavanger, Marit Boyesen, meiner det er viktig at gåver frå private ikkje må bli ei sovepute for politikarane. Ho meiner det er viktig med fleire pengar frå private, men at det aldri må gå ut over universiteta sin fridom.

– Det er naudsynt for universiteta med gåver frå næringslivet, men det er viktig at desse pengane ikkje kjem i staden for, men i tillegg til offentlege midlar, seier ho til NRK.

Hollywood-stjerner sikta i korrupsjonsskandale ved amerikanske universitet

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger