Hopp til innhold

Vil bruke 40 milliardar kroner på Ukraina-tiltak i neste års budsjett

Regjeringa er samla for å planleggje neste års budsjett. Dei fortel at minst 40 milliardar er sett av til Ukraina-tiltak.

Statsminister Jonar Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum utanfor Klækken Hotell i Ringerike

FORHANDLINGAR: Statsminister Jonas Gahr Støre og Finansminister Trygve Slagsvold Vedum utanfor Klækken hotell på Ringerike.

Foto: William Jobling / NRK

Vi kjem til å bruke over 40 milliardar kroner på ulike tiltak som er ein årsak av krigen i Ukraina. Både i år, og neste år, vil det vere minst den type beløp, fortel Slagsvold Vedum til NRK.

NRK møter statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) utanfor Klækken hotell på Ringerike. Dei held på å leggje planane klare for neste års statsbudsjett.

Statsminister Jonar Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum utanfor Klækken Hotell i Ringerike

Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum utanfor Klækken hotell på Ringerike.

Foto: William Jobling / NRK

Tenk ein befolkning på 75 000 har kome til Noreg. Det er fleire enn det som bur i heile Gudbrandsdalen, inkludert Lillehammer. Vi må få folk i hus og få folk på skulen. Å kome i gang krev mange ressursar, fortel Vedum.

– Må ta omsyn til den verkelegheita vi er i

Regjeringa møter to gonger i år til budsjettforhandlingar. Første gong i mars, og deretter i august. Krigen i Ukraina er tema under forhandlingane denne gongen.

Budsjettet må ta omsyn til den verkelegheita vi er i. Ukraina-krigen har stor betyding. Vi er opptatt av å møte det på ein offensiv og god måte. Det handlar om flyktningane som kom til Noreg i fjor, og dei som kjem i år. Det må vi ta høgde for, fortel Jonas Gahr Støre.

Statsminister Jonar Gahr Støre utanfor Klækken Hotell i Ringerike

Statsministeren Jonas Gahr Støre fortel at budsjettet må ta omsyn til verkelegheita vi står i.

Foto: William Jobling / NRK

Dei 40 milliardane som er sett av skal gå til ukrainske flyktningar i Noreg og til militær og sivil bistand i Ukraina.

– Vi har også ukraina-programmet, som er Noregs støtte til Ukraina i åra framover. Dette får det betyding for sikkerheit, forsvar og beredskap, seier Støre.

Les også: 75 milliarder til Ukraina over fem år

Dnipro
Dnipro

– Då må de ta frå noko anna?

– Sjølvsagt. Då vil eg seie at det handlar om verdigrunnlaget du har når du skal prioritere. Og det vi ser er at vi må ha eit statsbudsjett som er ansvarleg no, fortel Støre.

– Å prioritere er politikkens fag, avsluttar han.

Planlegg for 35 000 flyktningar

Kor mange som kjem til Noreg frå Ukraina i år er dei ikkje sikre på. Støre trur likevel at talet vil likne på det i fjor:

Vi trefte ganske godt på anslaget i fjor. Då kom det rundt 35 000. Det kan kome omtrent det same i år.

Det er mange internt fordrivne i Ukraina, og mange utanfor Ukraina. Omtrent det same som i fjor er det vi planlegg for.

Meiner Noreg må stå i front

Det er situasjonen i Ukraina som avgjer kor mykje vi må gi. Men Noreg er eitt av få land som ikkje treng å låne pengar for å auke vår støtte. Derfor bør vi vere ein av dei som står i front for å auke støtta til Ukraina, fortel Ola Elvestuen (V).

Ola Elvestuen

Stortingsrepresentant frå Venstre, Ola Elvestuen.

Foto: Peder Martin Bergholt / NRK

Det er klart at når Europa må bidra med meir så må Noreg vere ein del av det. I dag er det USA som tar ein veldig stor del av det, avsluttar han.

AKTUELT NÅ