Hopp til innhold

Vil gjere unntak i brillestøtta til barn

Reaksjonane har vore sterke etter at regjeringa foreslo å kutte i støtta som svaksynte barn får til briller. No seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie at barn med særskilde behov skal få dei brillene dei treng.

Anniken Hauglie, Arbeids- og sosialminister

VIL SIKRE DYRE BRILLER TIL DEI SOM TRENG DET: Anniken Hauglie (H) seier no at regjeringa skal sjå på brillesaka på nytt, og at dei er opptekne av å sikre dei borna som treng dyre briller.

Foto: Paal Wergeland / NRK

– No skal vi ha ein gjennomgang av regelverket, og då vil det vere viktig for oss å sikre dei borna som har alvorlege synslidingar og høge utgifter knytt til briller, seier Hauglie.

Betyr det til dømes at eit barn som treng briller til 4000 kroner vil få det dekka?

– Vi må kome tilbake til detaljane i unnataka, men vi legg opp til at dei borna som treng dyrare briller, skal få dekka det, seier sosialministeren. Ho seier at regjeringa skal lage ei ordning for dei borna som treng briller som er dyrare enn det nye makstaket på brillestøtte, men ho vil ikkje presisere nærare kva som skal til for å kome inn under den ordninga.

Etter at regjeringa la fram forslaget til statsbudsjett 7. oktober, har fleire foreldre stått fram i media og fortalt at forslaget om standardsats for briller til barn kjem til å få store konsekvensar for deira økonomi.

Regjeringa vil innføre ei maksimal støtte på 1200 kroner for vanlege briller og 2400 for ekstra tilpassa briller. Men mange brilleglas er langt dyrare enn dette. Dette avviste statsminister Erna Solberg då ho var i Politisk kvarter 8. oktober.

– Vi har gått gjennom og sagt at du får gode briller til den støtta. Så er spørsmålet kva slags brilleinnfatning du skal ha. Det er noko anna som ikkje vi skal velje på øvste hylle, sa Solberg.

Men med slik ordninga fungerer i dag får ein maksimalt dekka 475 kroner for innfatning. Det er berre glass det ikkje er ei øvre grense for. Men dette opplyste ikkje statsministeren om i Politisk kvarter.

Erna Solberg i vandrehallen på Stortinget

Statsminister Erna Solberg i vandrehallen på Stortinget.

– Rammar skeivt

Finanspolitisk talsperson i KrF, Tore Storehaug seier no at dei lyttar til samfunnsdebatten som har vore etter at dei la fram budsjettet.

– No skal vi bli samde om å finne inndekning for eventuelle omprioriteringar i budsjettet, og då kjem dei fire partia til å snakke i lag for å sjå om det finst saker som vi skal omdisponere. Det har komme fram ganske mange eksempel i media for eksempel på familiar som blir ramma skeivt av det, og dei får vi med oss.

Også finanspolitisk talsperson Henrik Asheim i Høgre seier at det kan kome omprioriteringar.

– Viss vi skal gjere endringar, så må dei fire partia bli samde, både om endringar av inntekter og om utgifter, seier Asheim.

– Har kuttet i brillestøtte til barn uheldige konsekvensar?

– Dette budsjettet har veldig mange tiltak. Og eg ser at det er pressgrupper som ønskjer endringar på mange forskjellige ting. Difor har me sagt at me skal diskutere dette grundig. Men det skal me gjere mellom dei fire partia, ikkje basert på enkeltutspel frå enkeltrepresentantar.

Her siktar Henrik Asheim til at Abid Raja (V) og Carl Eirik Grimstad (V) gjekk ut i Aftenposten i går med ønske om å reversere kuttet.

AKTUELT NÅ