Hopp til innhold

Regjeringa sin nye strategi: – Vi prøver å slå ned spreiinga av viruset

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet anbefalte forskjellige strategiar. Regjeringa valte den tøffaste av dei.

Sjå debatten her.

– Vi jobbar med å slå ned viruset, samtidig kan vi ikkje legge alle egga våre i ei korg, seier Bent Høie i Debatten på tysdag.

Tidlegare same dag valte regjeringa å forlenge dagens tiltak mot koronaviruset.

Skal ha foreslått forskjellige strategiar

Like før Debatten tysdag omtalte fleire medium dei tilsynelatande motstridande anbefalingane Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet gav regjeringa før dagens pressekonferanse.

Helsedirektoratet oppfordrar i sitt notat i større grad til tøffe tiltak som kan slå ned viruset tidleg.

FHI gjev derimot inntrykk av at dei i større grad vil at regjeringa skal legge vekt på strategiar som kan bremse viruset og byggje opp flokkimmunitet.

Avviser at dei er ueinige

Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet aviser ovanfor programleiar Fredrik Solvang i debatten at dei er ueinige med Helsedirektoratet om kva strategi regjeringa bør velje.

– Eg trur ikkje det er nokon av oss som meiner at ei berre skal satse på den eine strategien no, det trur eg ingen vil, seier Camilla Stoltenberg.

WPt-MLxLkoQ

MEINER BEGGE STRATEGIANE ER RISIKABLE: Camilla Stoltenberg, direktør i Folkehelseinstituttet.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Stoltenberg forklarar at både strategien for å bremse viruset og strategien for å slå ned viruset med strengare tiltak er vanskelege og risikable.

– Forsøker vi å bremse spreiinga av viruset kan vi få store smittebølgjer seinare. Undertrykkingsstrategien fører til lågare grad av immunitet i befolkninga som og kan føre til større utbrot seinare, seier ho.

Ho peiker og på at vi med strengare tiltak, som følgje av den noverande strategien om å slå ned viruset, risikerer å skade samfunnet i så stor grad at vi må gje den opp.

Bjørn Guldvog, Helsedirektør

Helsedirektør Bjørn Guldvog

Foto: Lise Åserud / Lise Åserud

Har mål om å slå ned smitten

Helsedirektør Bjørn Guldvog svarar følgjande når NRK spør han kva strategi vi no skal følgje:

– Strategien vår er no er at kvar smitta i snitt skal smitte mindre enn ein anna person, det gjev oss tid til å betre beredskapen i mellom anna helsevesenet, som Stoltenberg seier, svarer Bjørn Guldvog.

Bent Høie

HAR EIN PLAN B: Helseminister Bent Høie understrekar at regjeringa er forberedt på å byte til ein bremsestrategi om planen om å slå ned spreiinga av viruset ikkje lykkast.

Foto: Heiko Junge / NTB SCANPIX

Regjeringa vil byte strategi om dei mislykkast

Helseminister Bent Høie understrekar at helsetenestene må vere rusta om den noverande strategien ikkje lykkast og at dei då vil byte til bremsestrategien.

– Vi prøver å slå ned spreiinga av viruset, som følge av råda vi har fått frå Helsedirektoratet og FHI, men vi kan ikkje berre basere oss på at vi lykkast med det, seier Høie.

AKTUELT NÅ