Hopp til innhold

Regjeringa med milliardsatsing på tog og veg

1000 milliardar kroner over tolv år. Statsminister Erna Solberg (H) kallar det ei historisk satsing på samferdsel. Dei fire borgarlege partia er samde om hovudtrekka i Nasjonal Transportplan.

De borgerlige partilederne på Oslo S

KOM SAMAN: Erna Solberg (H) og Siv Jensen (Frp) saman med Venstre-leiar Trine Skei Grande og KrF-leiar Knut Arild Hareide på Oslo S. Bak dei går samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Samferdsel var det første valløftet dei fire borgarlege partia gav i 2013. Torsdag føremiddag la dei fram hovudramma for Nasjonal Transportplan. Ein stor del av dei 1000 samferdsle-milliardane skal brukast på tog.

– Har vore mange drakamper

Statsminister Erna Solberg (H) lede an pressekonferansen på Oslo S. Saman med ho er regjeringa sin nummer to, Siv Jensen (Frp), samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp), KrF-leiar Knut Arild Hareide og Venstre-leiar Trine Skei Grande.

– Det er ei glede å vere her i dag. Det har vore mange dragkampar mellom oss fire, men no er vi einige om rammene for ny Nasjonal Transportplan, seier Solberg.

LES OGSÅ: Erna med pengedryss til Bergensbanen, E16 og E39

Heile planen vert lagt fram før påske, for dei fire er ikkje einige om alle detaljar enno. Men regjeringa og samarbeidspartia sine jernbaneprioriteringar vart presentert i dag. Det vert dobbeltspor til Skien, Halden og Lillehammer.

– Tidenes grønaste NTP

Støttepartiet Venstre har kravd ei større satsing på jernbane. Partileiaren er tydeleg nøgd når ho skal kommentere samferslesatsinga.

– Venstre har fått gjennomslag for det største jernbaneløftet sidan Bergensbanen vart vedteken. Dette er tidenes grønaste- og mest framtidsretta NTP, seier Trine Skei Grande, leiar i Venstre.

LES OGSÅ: Erna gir grønt lys for ny flyplass til 5 mrd.

Satsar på tog

Dei fire borgarlege partia er samde om at det er ny Oslo-tunnel som hastar mest. Etter år med forseinkingar, togkaos og signaltrøbbel trengst det utbetringar frå Lysaker til Oslo S. Tunnelen skal stå ferdig i 2032.

400 milliardar skal brukast på jernbane åleine. Delar av dette går til Ytre-Intercity, som altså er jernbaneutbygginga frå Oslo mot Halden, Skien og Lillehammer. Den omfattar Østfoldbanen, Vestfoldbanen og Dovrebanen. I tillegg vil regjeringa starte bygginga av Ringeriksbanen allereie om få år, og utbygginga vil halvere reisetida mellom Hønefoss og Oslo.

Kvifor utset de enkelte av prosjekta?

– Det er riktig at nokre av prosjekta dreg ut over 2029, fordi det er store prosjekt. Fagetatane meiner det er riktig å gjere det slik. Men Ringeriksbanen vert fullfinansiert, og Indre Intercity kjem til å fylgje alle lagte planer, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp).

AKTUELT NÅ