I 2016 kom regjeringa med den første handlingsplanen mot diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, og korleis departementet skulle jobbe med lhgbtiq-saker.
Torsdag kom regjeringa med ein ny plan som skal gjelde for dei neste fire åra. Planen er eit samarbeid mellom 13 departement.
– Fridomen til å bestemme over eige liv er ein grunnleggjande rett, sa statsminister Erna Solberg (H) på pressekonferansen da planen blei presentert.
Ho sa det var viktigare enn nokon gong å stille opp for skeive.
Vil forby konverteringsterapi
Konverteringsterapi har fått eit eige punkt i handlingsplanen. Konverteringsterapi, også kalla homoterapi, går ut på at ein ønsker å «kurere» skeive, og har skapt debatt.
I Noreg blei det ei politisk sak i 2019 etter at VG lanserte nettserien «Homoterapi». Fleire parti ville forby denne typen behandling, medan andre meinte at det kunne vere i strid med trusfridomen.
Debatten om eit forbod har også gått i blant anna USA, Tyskland og Mexico.
Arbeidet med å greie ut eit forbod i Noreg starta i 2019, og no varslar Solberg ei snarleg høyring i saka.
– Vi kjem snart til å sende ut eit lovforslag på høyring der vi foreslår å forby konverteringsterapi. Dette er eit viktig og stort steg i rett retning, sa statsministeren.
Les kronikken:
Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) seier lovforbodet mot konverteringsterapi er viktig for regjeringa.
– Dette er eitt av innsatsområda. Konverteringsterapi tek fridomen frå menneske, og utset menneske for sterkt psykisk press og øydelegg sjølvbildet til personar, sa han.
Forbodet mot homoterapi er ein viktig del av handlingsplanen, sa kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V).
Foto: Hanna Johre / NTBHan sa at det var gjort eit godt og grundig arbeid i forkant av høyringa.
– Når vi skal forby noko vi ikkje likar, må forbodet stå seg, både i forhold til Grunnlova og dei internasjonale konvensjonspliktene våre.
Vil betre kåra til skeive
Den nye kompetanseplanen består av 46 tiltak på fem område, og skal vise korleis ein skal jobbe mot diskriminering av skeive.
Onsdag kom levekårsundersøkinga «Seksuell orientering, kjønnsmangfold og levekår», som ser på levekåra til skeive i Noreg. Her kom det blant anna fram at transpersonar er særleg utesette for seksuelle overgrep.
Undersøkinga er gjort av Universitetet i Bergen på oppdrag frå Bufdir, og blir eit viktig fundament i det vidare arbeidet.
– Vi må ta kampen og vise at mangfald er ein styrke, sa Raja.
Etterlyser dialog
Interesseorganisasjonen Fri syntest det var vanskeleg å sjå tala i undersøkinga. Men dei er glade for tiltaka i handlingsplanen, men skulle ønske at han var tydlegare på enkelte punkt.
– Eg saknar at planen er meir tydleg på kven som skal ta seg av opplæring og heve kunnskapen. Eg er glad for at det blir meir forsking og kunnskap, men det må også kome fram i konkrete tiltak, sa Fri-leiar Inge Alexander Gjestvang på pressekonferansen.
Fri-leiar Inge Alexander Gjestvang ønsker tettare dialog med regjeringa.
Foto: Hanna Johre / NTBHan ønsker også ein tettare dialog mellom regjeringa og organisasjonane som er nemnde i handlingsplanen.
– Politikk om våre liv kan ikkje bli laga utan oss, sa han.
Leiar i Skeiv ungdom, Odd Thomassen, skulle også ønska at planen hadde eit større fokus på unge og psykisk helse.
– Vi har for lite fokus på psykisk helse, og eg skulle gjerne sett konkrete punkt på dette, sa Thomassen.
Hanne Krogh stod for fleire kulturelle innslag under pressekonferansen. Ho avslutta presentasjonen av handlingsplanen med å framføre «La det swinge» saman med Elisabeth Andreassen.
Foto: Hanna Johre / NTBDu kan sjå heile pressekonferansen her: