Hopp til innhold

Statsråden sa unnskyld, men Frp peikar på Nav-sjefen

Opposisjonen er kritisk til statsråd Anniken Hauglies handtering av trygdeskandalen. I Stortinget i dag sa både Hauglie og statsministeren unnskyld til alle som er råka. Men Frp meiner det er Nav-direktøren, ikkje ministeren, som må gå.

En av de som hørte på redegjørelsen i dag var Rune Halseth. Han satt i fengsel i fire måneder, feilaktig dømt for trygdebedrageri. Han er ikke fornøyd med svarene som kom i stortinget i dag.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie ber om unnskyldning til dei som er ramma av trygdeskandalen.

– Vi ber om unnskydning, sa arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) frå talarstolen på Stortinget då ho forklarte seg om trygdeskandalen.

– Unnskyld, repeterte statsminister Erna Solberg i Stortingets vandrehall etterpå.

Startar gransking

– Alt skal fram i lyset og urett skal rettast opp, varsla Hauglie (H) då ho på Stortinget i dag beklaga til dei som er råka av Nav-feila. Ho hadde sjølv bede om å få forklare seg for Stortinget om korleis trygdeskandalen kunne oppstå.

Minst 48 personar kan ha blitt feilaktig dømt for trygdesvindel, og rundt 2400 saker kan vere feilbehandla.

Dermed kan over 2000 personar ha blitt tvungne til å betale tilbake pengar dei hadde rett på.

Hauglie understreka til Stortinget at tala er foreløpige, og at arbeids- og velferdsdirektoratet heller ikkje har oversikt over kor mange som har fått urettmessig avslag på søknad om trygdeytingar.

Hauglie sa til Stortinget at ho set ned eit eksternt granskingsutval som skal sørge for å finne fakta og årsaka til at skandalen ikkje vart avdekka tidlegare.

Kvifor gjekk ikkje alarmen?

På Stortinget meiner fleire at statsrådens eiga handtering av Nav-saka også må undersøkast grundig.

– Då dei fekk det første varselet frå Nav i november 2018 om at praksis kunne vere lovstridig burde alarmen gått i departementet, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.

SV-leiar Audun Lysbakken sit igjen med to store spørsmål.

– Kvifor tok det så langt tid for Nav å slå alarm etter at trygderetten byrja å stille spørsmål ved Navs tolking av lova? Og kvifor det tok så lang tid frå departementet fekk beskjed i desember i fjor til saka kom til offentlegheita og Stortinget i oktober i fjor?

Feil praksis av EUs trygdeforordning

Ei oversikt over brev og møter mellom Arbeids- og sosialdepartementet og Nav i forbindelse med trygdeskandalen.

Frp peikar på Nav-leiinga

Men regjeringa sin fremste talsmann i trygdesaker i Stortinget, Erlend Wiborg (Frp), meiner saka først og fremst dreier seg om elendig handtering frå Navs side.

Nav-skandalen
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Frå Stortingets talarstol gjekk leiaren i arbeids- og sosialkomiteen til angrep på Nav-leiinga:

– Nav skreiv 30. august eit brev til departementet der dei seier at «vi som utgangspunkt ikkje er forplikta til på eige initiativ å gjenfinne saker vi ikkje har konkret kunnskap om». At Nav skriv slikt når vi har fått ein sånn skandale, gjer at vi må stille spørsmål ved om Navs noverande leiing er dei rette til å leie Nav no i det viktige opprydningsarbeidet som er i gang parallelt med granskinga.

Til NRK er Wiborg krystallklar på kva han meiner om Nav-direktør Sigrun Vågeng:

– Eg meiner delar av leiinga i Nav bør skiftast ut. Det brevet er ein grov forsøming frå Nav.

Hauglies plikt

Senterpartiets stortingsveteran Per Olaf Lundteigen vil ikkje la saka berre handle om kva Nav gjorde eller ei. Han er svært kritisk til at ikkje arbeids- og sosialminister Hauglie har kome til Stortinget med opplysningar om feilaktige dommar for lenge sidan.

– Er det slik at ein statsråd må få informasjon? Er det ikkje slik at ho har plikt til å halde seg orientert om det som skjer innanfor hennar område? spør Lundteigen retorisk.

– Når trygderetten seier Nav tek feil, så må det då blinke nokre varsellamper hos embetsverket og hos den politiske leiinga i departementet. Dette er for lettvint, slår han fast.

Skandale

Då Hauglie forklarte seg for Stortinget vedgjekk ho i det minste at heile saka er ille.

– Eg har omtalt dette som ein skandale frå første dag, og det står eg ved, sa arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie på talarstolen i Stortinget.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie forklarar seg om trygdeskandalen til Stortinget.

Ho understreka at det mest alvorlege er sakene der folk har fått feilaktige dommar.

– På vegne av regjeringa vil eg be dei menneska det gjeld og familiane deira om unnskyldning for det dei har vore utsett for. Staten skal gjere opp for seg, sa Hauglie frå landets viktigaste talarstol.

Vanskeleg å rette opp

Etter at Hauglie hadde forklart seg for Stortinget, repeterte statsminister Erna Solberg bodskapen i vandrehallen:

– Vi må først og fremst bruke denne moglegheita til å seie unnskyld til samtlige av dei som no opplever å ha blitt møtt med eit urettmessig krav - både om tilbakebetaling og i dei verste falla fengsling - for å ha gjort feil i forhold til vårt lovverk som viste seg å vere ei feiltolking.

Nav-skandalen

Statsminister Erna Solberg var til stades i Stortinget saman med statsråd Anniken Hauglie då ho forklarte seg om Nav-skandalen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Eg har forståing for at det er ekstremt vanskeleg når du blir stempla som kriminell, som trygdesvindlar, når du faktisk hadde retten på di side.

– Det klarer vi nok ikkje å rette fullt opp i uansett kor mykje erstatning og ordningar vi har.

– Betal tilbake!

Ap-leiar Jonas Gahr Støre kravde at det må kome handling umiddelbart. Han gjekk på talarstolen etter Hauglie.

– Det første som må skje og det må skje utan forseinking, er at Nav betalar tilbake dei pengane som er urettmessig inndratt. Dei som er urettmessig dømt og fråtatt pengar kan ikkje vente på granskringar, utgreiingar, byråkrati og lange politiske prosessar. Sjuke, ofte sårbare, menneske skal få oppreising, sa Støre.

– Det andre som må skje er at domstolane raskt må frifinne dei som er feilaktig dømt. Vi må gje fri rettshjelp til dei som er råka.

AKTUELT NÅ