Over 100.000 nordmenn køyrer rundt i trafikken utan forsikring, ifølgje Trafikkforsikringsforeininga. Det er denne gruppa regjeringa vil straffe med eit nytt gebyr.
«Formålet med lovforslaget er å motivere til oppfyllelse av plikten til å ha forsikring», skriv regjeringa i forslaget til statsbudsjett for 2018.
Det er foreslått at Trafikkforsikringsforeininga frå 2018 skal inndra om lag 150 kroner for kvar dag ein bileigar ikkje har teikna eller fornya ansvarsforsikring.
– I Sverige har ein hatt ei slik avgift i over 40 år, der er under ein prosent av køyretøya uforsikra, mot 3,5 prosent her heime, seier Roger Stenseth, leiar i Trafikkforsikringsforeininga.
– Er det ikkje allereie ulovleg å køyre med eit slikt køyretøy?
– Jo, men det hjelper dessverre ikkje.
– Vil du bryte lova, så er det mogleg
Alle bilistar har ei plikt til å teikne ansvarsforsikring. Denne dekkjer skader på fører, passasjerar, samt andre sine køyretøy og eigedom.
Dersom forsikringa går ut vert dette registrert i motorvognregisteret. Deretter vert det automatisk sendt ut eit krav om avskilting, forklarer Statens vegvesen, som støttar forslaget frå regjeringa.
– Om dette skjer av seg sjølv, korleis kan over 100.000 køyre rundt utan forsikring?
– Vil du bryte lova, så er det mogleg å få til, sjølv om vi ofte har kontrollar. Folk flest skjønar heldigvis at det er galskap å køyre rundt utan forsikring, seier Roger Stenseth, pressesjef i Statens vegvesen.
Han presiserer at det ikkje er ulovleg å eige ein bil utan forsikring, men at det er bruken som er ulovleg. Politiet og Statens vegvesen avskiltar bilar utan forsikring som dei stoppar i kontrollar, men køyrer ikkje heim til folk.
Dermed kan det verte meir effektivt med eit gebyrsystem, der rekninga automatisk vert sendt heim til folk.
Fatala konsekvensar utan forsikring
Er eit køyretøy utan forsikring involvert i ei ulukke kan konsekvensane vere store, både juridisk og økonomisk.
– Du vil først og fremst få problem hos politiet, men kan også ende opp med å måtte betale for personskadar, skader på eigen og andres køyretøy og eigedom, samt for skader på vegmiljøet som skilt og rekkverk, seier Vinje.
– Om du plutseleg oppdagar at du har ei ugyldig forsikring, tek det lang tid å få teikna ei ny?
– Dette kan du ordne på dagen. Forsikringsselskapa er glade i å selje forsikringar både gjennom nett og telefon, seier han.