Demonstrantane får det som dei vil – regjeringa går av

Heile regjeringa i Libanon går av etter den fatale eksplosjonen i hamneområdet i Beirut.

VI_9W-rbTr0

STORE DEMONSTRASJONAR: Det har vore demonstrasjonar mot regjeringa i Libanon i lang tid, og eksplosjonen i førre veke gjorde at grensa var nådd for den sittande regjeringa.

Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / Reuters

Libanon sin helseminister, Hamad Hassan, seier heile regjeringa har gått av som følge av eksplosjonen i Beirut førre veke, det melder nyheitsbyrået AP.

Ministeren seier at statsministeren Hassan Diab er på veg til presidentpalasset for å levere oppseiingane for alle ministrane.

Store demonstrasjonar

Over 200 menneske er no rapportert omkomne etter eksplosjonen, og fleire titals er framleis sakna, melder BBC.

yOVn4S8Zr94

GÅR AV: Hassan Diab er statsminister i Libanon. No trekker han seg.

Foto: MOHAMED AZAKIR

Det har blitt retta mykje kritikk mot regjeringa etter eksplosjonen. Heile 2450 tonn ammoniumnitrat gjekk i lufta, eit stoff som blir brukt i kunstgjødsel og sprengstoff. Regjeringa visste at det brennbare stoffet var lagra der, og at det utgjorde ein risiko.

Det har vore fleire demonstrasjonar i landet etter ulukka. Ei gruppe demonstrantar leia av pensjonerte offiserar storma på laurdag utanriksdepartementet i Libanons hovudstad Beirut.

Den ødelage siloen midt i havnen i Beirut etter eksplosjonen.
Foto: STR / STR

Fleire i regjeringa har vald å trekke seg på grunn av ulukka. På måndag gjekk finansminister Ghazi Wazni av. Tidlegare har tre andre ministrar gått av.

Ifølge libanesisk Røde Kors måtte 175 personar få behandling for skader på grunn av demonstrasjonen. Ein talsperson for politiet seier at ein politimann døydde etter samanstøyt med demonstrantane, meldte Reuters.

Store demonstrasjoner i Beirut – over 200 skadd

Var allereie i krise

Libanon hadde nok å stri med før den katastrofale eksplosjonen. Helsetenestene i Libanon var allereie pressa på grunna av koronaviruset, og landet var i allereie i ei økonomisk krise.

DZ_hyLbWSBk

STORE SAMANSTØYT: Eksplosjonen gjorde at fleire valde å demonstrere mot regjeringa.

Foto: ANWAR AMRO

Dei materielle skadane gjorde at nærmare 300 000 menneske fekk heimane sine øydelagde. Det er rekna at eksplosjonen vil koste mellom 90 og 135 milliardar kroner.

Libanon har slite med ustabilitet og korrupsjon sidan borgarkrigen i 1990. Opp gjennom åra har det vore mange demonstrasjonar mot styresettet, og seinast i oktober i fjor gjekk mange folk til gatene for å protestere mot regjeringa. Det gjorde at det blei regjeringsskifte. No skjer det altså igjen, og demonstrantane krev at det skal bli halde nyval.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger