Hopp til innhold

Regjeringa lempar på delar av opplæringskrav til ukrainske flyktningar

Regjeringa legg fram ein proposisjon for Stortinget med forslag til mellombelse endringar i fleire lover. Målet er raskare inkludering av ukrainske flyktningar.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, kunnskapsminister Tonje Brenna, arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen og Frode Forfang,, direktør i UDI under pressekonferanse om integrering av flyktninger fra Ukraina.

PRESSEKONFERANSE: Statsrådane Sigbjørn Gjelsvik, Tonje Brenna og Marte Mjøs Persen la fram forslaga til lovendringane

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Fredag la regjeringa fram ei rekkje forslag til lovendringar som ukrainske flyktningar blir omfatta av.

Regjeringa føreslår at opplæringstilbodet til nykomne elevar skal vera fullverdig innan tre månadar i staden for ein.

– Dette skal gjera det mogleg for kommunar å ta imot fleire flyktningar på ein gong. Kommunane har likevel plikt til å gi eit tilbod så raskt som mogleg, seier kunnskapsminister Tonje Brenna i ei pressemelding.

Pressekonferanse om intergrering av Ukrainske flyktninger

Kunnskapsminister Tonje Brenna.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

– Med dette forslaget får kommunane meir tid til å kunne skaffa lokale og tilsette og få på plass eit fullverdig opplæringstilbod, legg ho til.

I tillegg føreslår regjeringa mellombelse endringar i barnevernslova.

Blant anna skal Bufetat kunna velja å tilby born som kjem til Noreg utan foreldre ein privat heim i staden for plass på eit omsorgssenter.

Her kan du sjå video av heile pressekonferansen.

Vil sikra ukrainarar å koma i gang med liva sine

Endringsforslaga legg regjeringa fram i ein proposisjon for Stortinget.

Målet er å sikra at regelverket er fleksibelt nok til at kommunane raskt og effektivt kan handtera eit stort tal flyktningar, skriv regjeringa i ei pressemelding.

– Regjeringa si målsetting er å sikre at flyktningar frå Ukraina raskt skal kunne kome i gang igjen med liva sine, og delta i den norske samfunnet, seier arbeid- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Pressekonferanse om intergrering av Ukrainske flyktninger

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

– Men med stor tilstrøyming har det vore utfordringar med kapasiteten i alle ledd i oppstartsfasen, legg ho til.

Alle flyktningar i Noreg har i utgangspunktet rett og plikt til å ta del i i eit såkalla introduksjonsprogram. For å redusera dei lovpålagde krava føreslår regjeringa færre obligatoriske element i introduksjonsprogrammet.

Dette føreslår regjeringa:

  • Rett, men ikkje plikt til å delta i instruksjonsprogram i seks månadar, med moglegheit for forlenging i inntil seks månadar.
  • For dei som ikkje har utdanning på vidaregåande nivå frå før, blir det føreslått at programmet kan vara inntil tre år, med moglegheit for forlenging i inntil eitt år. Programmet skal bestå av arbeids- eller utdanningsretta element, eit språktilbod og foreldrerettleiing.
  • Rett til opplæring i norsk etter busetjing og at retten gjeld i eitt år frå oppstartstidspunkt. Det blir ikkje føreslått plikt til norskopplæring.
  • Kommunen har plikt til å sørgja for opplæringa så snart som mogleg og seinast innan tre månadar etter busetjing.

Vil gjera det enklare å skaffa bustadar

Regjeringa legg også fram eit forslag om er å innføre beredskapsheimel i plan- og bygningsloven, slik at kommunane raskt og effektivt kan ta imot og busette flyktningane frå Ukraina.

Det skriv regjeringa i ei pressemelding.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik seier at det er viktig at ukrainarane som kjem til Noreg så rakst som mogleg får plass å bu.

Pressekonferanse om intergrering av Ukrainske flyktninger

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

– Ein viktig føresetnad for å lykkast med dette, er at det er nok tilgang på bustadar i kommunane. Det er viktig at kommunane får meir handlingsrom, slik at dei raskt og effektivt kan skaffa nok bustadar til flyktningane. Derfor føreslår regjeringa å innføra ein mellombels beredskapsheimel i plan- og bygningsloven, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i pressemeldinga.

Beredskapsheimelen betyr at kommunane kan gi unntak frå arealformål eller planavgjerder.

Til dømes kan kommunane utvida arealet på ein skule utan å søke. Det opnar også opp for at hytter enkelt kan gjerast om til bustadar.

Dette er viktig for å sikre rask etablering av flyktningmottak, omsorgssenter, barnehagar og skular, melder regjeringa.

UDI trur det kjem færre flyktningar

Torsdag blei det registrert 180 nye asylsøkjarar frå Ukraina til Noreg. Totalt er det registrert 1018 nye asylsøknadar den siste veka.

Onsdag og tysdag blei det registrert høvesvis 182 og 147 nye søknadar om asyl frå ukrainske borgarar.

UDI byrja å oppgi oversikt over ukrainske asylsøkarar til Noreg den 25. februar. Sidan då har det kome 15.154 søknadar.

Norsk organisasjon for asylsøkarar (NOAS) har tidlegare uttalt at dei tykkjer busetjinga av ukrainske flyktningar går for treigt.

– Det er så mange rundt i Kommune-Noreg som no står klare til å bidra, både kommunar og ikkje minst frivillige som ynskjer å stilla opp. No må vi få fart på dette, sa generalsekretær i NOAS, Pål Nesse.

UDI har no nedjustert anslaget over kor mange ukrainske flyktningar som kan koma til Noreg. Styresmaktene planlegg for 60.000 ukrainske flyktningar, men truleg kjem det færre enn dette, seier direktør Frode Forfang.

Pressekonferanse om intergrering av Ukrainske flyktninger. Frode Forfang.

Frode Forfang. UDI-direktør.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

AKTUELT NÅ