Hopp til innhold

Ber landets kommunar bu seg på å ta i mot mange flyktningar – også til neste år

På seks månadar har Noreg busett like mange flyktningar som dei fem siste åra til saman. No ber regjeringa kommunane busetja 35.000 flyktningar i 2023.

Pressekonferanse om flyktningsituasjonen

BER KOMMUNANE BU SEG: Jonas Gahr Støre på pressekonferansen saman med arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Foto: Alf Simensen / NTB

Det opplyser statsminister Jonas Gahr Støre på pressekonferansen saman med arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Det er framleis krig i Ukraina, og mange millionar menneske har måtta flykta frå heimlandet sitt.

– Tala vi har i dag fortel ein del av tragedien og katastrofen for Europa. Terroren mot lokal- og sivilbefolkninga i Ukraina held fram. Vi har ikkje sett noko liknande sidan 2. verdskrig, seier statsministeren.

Pressekonferanse om flyktningsituasjonen

Statsminister Jonas Gahr Støre seir at han har trua på at kommunane vil klara å busetja flyktningane.

Foto: Alf Simensen / NTB

Ber kommunane bu seg på 35.000 flyktningar

Statsminister Jonas Gahr Støre seier at det er vanskeleg å spå kor mange flyktningar som vil koma til Noreg i 2023.

Regjeringa rekna tidlegare at det ville koma 30.000 flyktningar frå Ukraina i år. No er talet på veg til å nå 35.000.

I ei utgreiing til Stortinget tidlegare i haust, sa Støre at ein må rekna med at det kan koma 30.000 flyktningar i 2023.

Les også Støre anslår 70 000 Ukraina-flyktninger på to år

zf9fHj5Ef_U

No oppjusterer statsministeren dette talet og ber nøkkelaktørar bu seg på å ta i mot 35.000 flyktningar til neste år.

– Vi må rekna med at fleire må flytta frå Ukraina. Difor reknar vi at det vil koma like mange flyktningar til neste år som i år, seier Støre.

– Det kan bli færre, men det kan også bli fleire. Denne situasjonen er uføreseieleg, understrekar statsministeren.

Historiske tal

Hittil i år er over 32.000 flyktningar busett eller på veg til å bli busett. Alle landets kommunar buset flyktningar.

Dei fleste busette flyktningane er frå Ukraina, og har mellombels kollektiv beskytting, opplyser arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

– Vi har på seks månadar busett like mange som dei siste fem åra til saman, seier Persen.

Ho seier ho er imponert over innsatsen til kommunane, fylkeskommunane og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

– Kommunane sin solide innsats er avgjerande for at vi skal lukkast. No oppmodar eg alle til å fatta vedtak i tråd med oppmodinga også for neste år, seier ho.

Persen fortel at dei som kjem vil ta aktiv del i det norske samfunnet.

– Dei vil læra seg norsk og dei vil i jobb, seier Persen.

Folk står med bagasjen og venter på en buss på den polske siden etter å ha kommet fra Ukraina.

Folk står med bagasjen og ventar på ein buss på den polske sida etter å ha kome frå Ukraina.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / AFP

Trur kommunane vil klara å ta imot

På spørsmål om ein har nok husly til 35.000 flyktningar, svarar statsminister Jonas Gahr Støre at han overordna ikkje er i tvil om ein kan klara det.

– Kommunale bustader kan vera uttømt, men det har vore stor fleksibilitet i den private marknaden. Men då må vi ha ein beredskap for å kunna velja veldig utradisjonelle løysingar om det blir naudsynt, seier Støre.

– Trur du kommunane er klare for å ta imot like mange flyktningar til neste år?

– Ja, det trur eg, men utfordringane kan bli annleis og meir krevjande for år nummer to, svarar statsministeren.

Les også Første møte på grensa: Har tatt imot biler med kulehull fra Ukraina

Toller Håvard kledd i refleksvest i en kontrollhall

Lovar rask busetjing

I Bergen skal dei ta imot 1000 flyktningar i 2023.

– Det ser vi veldig fram til - at vi får lov til å vera med og støtta ukrainarar som står i djup, djup krise, seier kulturbyråd Eduardo Andersen.

Han har stor tru at dei skal klara å busetja alle 1000, sjølv om byen har slitt med å nå samme mål i 2022.

– Men no har vi fått systemet opp å gå og busetjinga går raskare enn nokon gong. Men vi har ikkje nok kommunale bustader, så vi treng hjelp frå dei som har private bustader, legg kulturbyråden til.

Byråd for kultur, frivillighet og inkludering 
Eduardo Hans Andersen (Ap) i Bergen

SKAL TA IMOT 1000: Byråd for kultur og inkludering i Bergen Eduardo Andersen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tromsø kommune vedtok i mars å busetja 550 flyktningar Så langt har dei blitt bedne om å busetja 416.

– Det er klart at vi har fått veldig mange flyktningar på same tid, i eit ganske trongt bustadmarknad i Tromsø. Vi merkar at det er vanskeleg å skaffa bustader til flyktningane, seier Kirsti Moslett Thunberg, seksjonsleiar for velferd, arbeid og inkludering i Tromsø kommune.

I Nordkapp har dei klart å busetja alle ukrainske flyktningar som kommunen har blitt førespurt å ta imot.

– Vi blei spurte om å ta 15, men sa vi kunne ta det dobbelte. Det har vi i stor grad fylt opp. Vi har no busett 26–27 flyktningar, seier NAV-leiar i Nordkapp, Øyvind Svane Kjosbakken.

Møte etter Ocean Viking-bråk

Fredag har også EU kalla inn til ekstraordinært justisministermøte i Brussel.

Bakgrunnen er striden mellom Frankrike og Italia om kven som hadde ansvaret for å ta hand om migrantar som blei plukka opp av det norskflagga redningsfartøyet Ocean Viking.

Italia nekta skipet å leggja til kai og det enda med at skipet la til kai i Frankrike. Fleire av migrantane om bord på skipet skal takast inn til Noreg.

Ein auke i båtmigrasjonar over Middelhavet har ført til auka spenning mellom EU-landa. I 2022 har over 94.000 migrantar kome til Italia over Middelhavet, mot 67.000 i 2021, viser tal frå FNs migrasjonsorganisasjon (IOM).

Noreg er til stades med ein representant på møtet. Statssekretær Astrid Bergmål (Ap) i Justis- og beredskapsdepartementet reiser til Brussel.

AKTUELT NÅ