NRK Meny
Normal

Regjeringa går på fleire nederlag alt i første runde

Søndagsopne butikkar, alkohol, eldreomsorg og flyktningar til små kommunar. Opposisjonen viser musklar under den utvida regjeringa sine første dagar i Stortinget.

Regjeringserklæringen legges fram i Stortinget

UTVIDA, MEN I MINDRETAL: Kulturminister Trine Skei Grande (V), statsminister Erna Solberg (H) og finansminister Siv Jensen (Frp) er vitne til fleire nederlag i Stortinget allereie dag to i Stortinget.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Saka vert oppdatert.

– På fleire punkt tek regjeringa eit skritt mot høgre, men det nye i denne perioden er at regjeringa ikkje kan rekne med eit avklart fleirtal, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre under sitt innlegg i Stortinget onsdag.

Den blågrøne regjeringa beståande av Høgre, Frp og Venstre er i mindretal i Stortinget og er avhengig av andre parti for å få fleirtal i Stortinget.

Regjeringserklæringen legges fram i Stortinget

SAMLAR OPPOSISJONEN: Ap-leiar Jonas Gahr Støre går saman med opposisjonen i fleire forslag mot den blågrøne-regjeringa.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Ap og dei andre opposisjonspartia fremja i dag fleire forslag i strid med regjeringa sin politikk.

Dette gjeld blant anna eit forslag for finansiering av bustader til eldre, som kan redusere behovet for sjukeheimsplassar.

– Dette foreslår vi for å sikre gode buformer for våre eldre, sa Støre i talen.

Forslaget vil omfatte også oppussing av eldrebustader, ikkje berre nye bygg.

Sjå forslaga som kan få fleirtal mot regjeringa:

Hindrar søndagshandel og busetjingskriterium

Også to forslag frå Senterpartiet ligg an til å få fleirtal i Stortinget i dag.

I det eine forslaget ber Sp, Ap, SV og KrF om at regjeringa ikkje opnar for søndagshandel, slik som regjeringa ynskjer.

I Sp sitt andre forslag vil dei gi kommunane moglegheit til å busetje flyktningar uavhengig av størrelsen på kommunen.

I 2018 er det ifølgje IMDI 4400 flyktningar som skal busetjast, av desse er 150 einslege mindreårige. Eit av kriteria som vert vektlagt for kva kommunar som vert oppmoda å busetje er størrelsen på kommunen.

Regjeringserklæringen legges fram i Stortinget

MUSKLAR: Både Senterpartiet, KrF og SV fremmer fleire forslag i dag som strid med regjeringa sin politikk i den nye Jeløya-erklæringa.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Alkoholforbruk og organisasjonsgrad

I eit forslag frå KrF ber dei regjeringa om «tiltak for å redusere alkoholforbruket, blant anna ved å unngå endringar som gir auka tilgang på alkohol».

Eit forslag som både Ap og Sp ville støtte, etter NRK si erfaring.

Men for å få med SV og sikre fleirtal, måtte partiet fjerne siste setning om å unngå endringar som gir auka tilgang på alkohol.

SV er ikkje for at det skal bli vanskelegare for kommunar å opne Vinmonopol eller hindre gardssal.

Partiet Raudt ynskjer at regjeringa arbeider for at fleire vel å fagorganisere seg.

– Regjeringa har sådd tvil om verdien av høg andel fagorganiserte. Det er viktig for oss at Stortinget ryddar den tvilen av vegen, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.

Ifølgje partiet er dei lova støtta frå SV, Ap og Sp i forslaget, men ventar på at KrF tek stilling til dette.

Varslar fleire kampsaker

Ap-leiar Jonas Gahr Støre nytta også taletida si i Stortinget onsdag på å varsle om fleire område der partiet vil kjempe imot regjeringa sin politikk.

– Vi ser at forskjellane aukar, arbeidslivet vert meir utrygt og det vert mindre attraktivt å vere organisert, vi går mot ei lærarkrise i norsk skule og har fått ein eldreminister som er mest oppteken av ein administrasjonsreform som få har tru på, seier han.

Trond Helleland i Høgre tok raskt til motmæle.

Trond Helleland på Stortinget

Ap I FEIL RETNING: Trond Helleland meiner Ap ikkje vil gå inn for ein berekraftig velferdspolitikk.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Så vidt eg veit er Norge framleis det landet som er kåra til best å bu i, scorar høgast på dei fleste indikatorar, i tillegg peikar mange på den liberale sida i USA på Norge som eit land som fungerer godt, seier han.

Han meiner Ap ikkje tenkjer berekraftig på område innan sosialhjelp, skatt og samferdsle.

– Regjeringa er tydeleg på kva utfordringar Norge har framover, vi vil sikre eit berekraftig velferdssamfunn økonomisk, miljømessig og sosialt, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger