Hopp til innhold

Massiv motstand mot regjeringa sitt forslag om fritt skuleval

Ingen av organisasjonane som skulle gje Stortinget råd, støttar regjeringa sin plan om å innføre fritt skuleval i alle fylke.

Trine Skei Grande besøker Blindern videregående skole

VIL LA ELEVANE VELJE: Venstre er blant dei politiske partia som er for fritt skuleval. På biletet ser du Venstreleiar Trine Skei Grande på besøk ved Blindern vidaregåande skule.

Foto: Iselin Øverbø / NRK

– Eg meiner makta bør bli flytta ned til den det gjeld, altså til eleven og ikkje fylkespolitikarane.

Det sa Mathilde Tybring-Gjedde (H), utdanningspolitisk talsperson i Høgre i Politisk kvarter på onsdag.

Ingen av organisasjonane som representerer elevar, lærarar og skuleleiarar, fylka eller arbeidsorganisasjonane vil at regjeringa skal fjerne det lokale sjølvstyret fylka har til å velje inntaksmodell til vidaregåande skular.

Valkampsak for regjeringspartia

Det var i valkampen i fjor at regjeringspartia kom med forslaget om fritt skuleval i alle fylke.

Dei fekk sterk motstand frå opposisjonen, som meiner det i realiteten er snakk om karakterbaserte opptak, der det frie valet berre er for elevar med høge karakterar.

Forslaget som vart sendt ut på høyring gjekk ut på at fylka skulle kunne velje mellom fritt skuleval i heile fylket, eller fritt skuleval innanfor eit avgrensa område i fylket.

Mathilde Tybring-Gjedde

VIL GJE ELEVANE VALET: Mathilde Tybring-Gjedde og Høgre meiner karakterar og elevane sine ønskjer skal bestemme kvar dei skal gå på vidaregåande skule.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Tybring-Gjedde fortel at Regjeringa ikkje er framand for å lytte til organisasjonane som meiner at lokalpolitikarane skal bestemme, men at regjeringa først og fremst er opptatt av å høyre på kva elevane sjølve meiner.

Men det forskarane fortel oss er at det er dei flinke elevane som får velje, medan dei med lågare karakterar ikkje får velje og ender opp på dei dårlege skulane?

– Ein bieffekt ved fritt skuleval er at ein får nokon skular med mange elevar med høge karakterar. Det fortel oss at det ikkje er ein inntaksmodell som er perfekt. Det er då eit politisk ansvar å følgje opp skulane og elevane som har større utfordringar, seier Tybring-Gjedde og legg til:

– Det er samtidig lite som tyder på at eit inntak basert på kvar foreldra dine har råd til å bu eller at ei tilfeldig geografisk grense er meir rettferdig.

Regjeringen har ikke fått noen organisasjoner med på forslaget om å innføre fritt skolevalg i alle fylker. Høringsrunden i Stortinget viste at LO og NHO, KS, alle utdanningsorganisasjoner og alle fylker var imot. Like fullt: NIFU-forsker mener fritt skolevalg gir bedre skoleresultater.

NIFU-forskar meiner fritt skoleval gir betre skuleresultat, men ingen organisasjonar eller fylke støtter forslaget om uniformering av inntaksmodellen.

Ap vil behalde valfridom for fylka

Martin Henriksen, utdanningspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet vil at fylka også i framtida skal ha moglegheit til å organisere dei vidaregåande skulane sine etter nærskuleprinsippet.

Henriksen peiker på at regionane er svært forskjellige i storleik og befolkning.

Det systemet som passar best for ein elev i Oslo, er ikkje nødvendigvis det beste for elevar i Troms og Finnmark, meiner han.

– Eg trur du vil kunne få ein meir byråkratisk og mindre fleksibel modell om ein ikkje får ta valet ute i fylka. Fylka våre er forskjellige og har forskjellige behov, seier Henriksen.

Martin Henriksen

VIL BEHALDE MAKTA I FYLKA: Martin Henriksen,

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Fritt skuleval gjev betre karakterar på ungdomsskulen

Forskinga tyder på at elevane får betre karakterar på ungdomsskulen som følgje av fritt skuleval, fortel NIFU-forskar Astrid Marie Jorde Sandsør.

Sandsør har tidlegare utala seg om saka til fagbladet Utdanningsnytt.

Ho viser til ein studie frå Hordaland som viste at elevar fekk betre karakterar på tiande trinn når dei stod overfor eit fritt skuleval.

– Dei som hadde mest å velje mellom gjorde det best, altså dei som ønska seg inn på studiespesialiserande i Bergen, seier ho.

Forskaren har ikkje lest ein einaste studie som viser negative karakterresultat som følgje av fritt skuleval.

Men å la karakterane bestemme kvar du skal gå på vidaregåande i staden for at alle skal gå på vidaregåande nært der dei bur, er framleis ikkje utan ulemper:

– Ulempene ved fritt skuleval er at vi får meir segregering i form av karakternivå, etnisk bakgrunn og sosial bakgrunn, seier forskaren

Fritt skuleval

Desse skulane hadde fritt skuleval i heile fylket før fylkessamanslåingane i 2020

  • Oslo
  • Oppland
  • Vestfold
  • Aust-Agder
  • Rogaland
  • Hordaland
  • Sogn og Fjordane
  • Møre og Romsdal
  • Finnmark

Desse hadde fritt skuleval med avgrensing innanfor fastsette inntaksområde før 2020

  • Akershus (delt inn i 3 inntaksområde)
  • Hedmark (delt inn i 4 inntaksområde)
  • Vest-Agder (delt inn i 4 inntaksområde)
  • Nordland (delt inn i 3 inntaksområde)
  • Troms (delt inn i 3 inntaksområde)

Desse hadde inntak etter nærskuleprinsippet før 2020

  • Østfold
  • Buskerud
  • Telemark
  • Trøndelag

AKTUELT NÅ