Regjeringa får refs frå sine eigne for politihøgskule-kutt

Regjeringa har tvunge igjennom store kutt ved Politihøgskulen i Oslo. No fryktar stortingsrepresentantar frå både Høgre og Frp at konsekvensen kan bli eit svekka politi.

Heidi Nordby Lunde

MISFORNØGD MED EIGA REGJERING: Stortingsrepresentant Heidi Nordby Lunde likar ikkje at regjeringa vil kutte i talet på politistudentar i Oslo.

Foto: Heiko Junge / Heiko Junge

– Det er i Oslo at kriminaliteten er stor og aukande, og det er heilt openbert at politiutdanninga i Oslo burde bli styrka, seier stortingsrepresentant for Frp frå Oslo Christian Tybring-Gjedde.

Bakgrunnen er at regjeringa har bestemt at talet på politistudentar ved Politihøgskulen i Oslo skal bli redusert frå rundt 250 til under 100, stikk i strid med det Politihøgskulen sjølv ønskjer å gjere.

Grunnen til det er at regjeringa gjerne vil skjerma dei to andre studiestadane som utdannar politifolk, Bodø og Stavern.

– Vi kan ikkje drive distriktspolitikk gjennom Politihøgskulen, det er det veldig uheldig at vi gjer. Distriktspolitikk får ein drive med på andre måtar, ikkje med ein så sentral institusjon som politiutdanninga, er Tybring-Gjedde sin respons på det.

Og det er ikkje berre i Framstegspartiet at stortingsrepresentantar er i utakt med si eiga regjering, Oslo-representant Heidi Nordby Lunde meiner også at det er dumt å kutte politistudentar i Oslo.

– Vi har eit anna kriminalitetsbilete i Oslo enn i resten av landet, og vi trur det kan vere veldig nyttig for politistudentane å få trene på den type hendingar som skjer her, seier Nordby Lunde.

Ho fryktar at svekking av politiutdanninga i Oslo skal svekkje den samla kompetansen til politiet.

– Både i Oslo og i andre storbyar har du nokre utfordringar som du kanskje ikkje kjem tett nok på ved utdanningane i Bodø og på Stavern.

bapr5cM8mEE

VIKTIGAST MED OSLO: Stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde meiner at kriminaliteten i hovudstaden, gjer at det er særleg viktig å ha ei sterk politiutdanning i Oslo.

Foto: Vidar Ruud

Får for mange politifolk

Regjeringa står likevel på sitt. Statssekretær Thor Kleppen Sættem (H) i Justisdepartementet forklarer at i dag blir det årleg utdanna 550 politistudentar her i landet, men framover er det berre behov for 400.

– Vi har auka talet på politifolk veldig dei siste åra, og vi skal halde fram med å utdanne fleire. Likevel er det slik at vi ikkje kan utdanne altfor mange, då blir dei gåande ledige etter at utdanninga er ferdig, seier statssekretæren.

Og når ein først skal gjere kutt, meiner statssekretæren at det berre er Oslo som har nok studentar til at dei kan tole eit kutt, og framleis vere ein politihøgskule i drift.

– Det er viktig for oss å halde oppe tre studiestader, og skal vi klare det, er det Oslo som må ta dette kuttet, seier Sættem.

Avslutning politistudenter

FOR MANGE: Regjeringa meiner at vi utdannar for mange politifolk her i landet.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Fryktar for rekrutteringa

Både fleire tilsette og styret ved Politihøgskulen likar dårleg at regjeringa grip inn og slår fast at det er i Oslo utdanninga skal bli kutta.

Ein av dei tilsette ved høgskulen som er uroa for konsekvensane av kuttet, er høgskulelektor Åsmund Birkeland.

– Det nedtrekket som regjeringa foreslår i Oslo, vil få umiddelbare konsekvensar for fagmiljøet vårt. Vi risikerer å miste akkrediteringa som høgskule ved dette vedtaket, og regjeringa har ikkje gitt eit einaste godt svar på kva som er løysinga på det, seier Birkeland.

Og det tykkjer høgskulelektor er dramatisk.

– Det er ein god del som meiner at vi har verdas beste politiutdanning her i Noreg. Det er veldig få land som er ein så brei og rik utdanning for politifolk, no kan det hende at vi ikkje lenger får lov til å tilby ei slik treårig bachelorutdanning.

Men statssekretær Kleppen Sættem (H) meiner at Noreg vil ha verdas beste politiutdanning, også etter regjeringa si nedskalering av talet på studentar.

– Vi har ei tid no utdanna dobbelt så mange nye politifolk som det som har gått av med pensjon eller slutta av andre grunnar. Vi kjem framleis til å utdanne fleire politifolk, sjølv ved denne nedtrappinga, seier Sættem.

SISTE NYTT

Siste meldinger