NRK Meny
Normal

Legg bort sak om registrering av journalistar

Saka mot Etterretningsbataljonen om ulovleg registrering av journalistar, blir lagt bort som eit ikkje straffbart forhold, opplyser generaladvokat Arne Willy Dahl.

Arne Willy Dahl

Generaladvokat Arne Willy Dahl fortel at

Statsadvokaten tok denne avgjerda i går. Arne Willy Dahl fortel at han har gått grundig gjennom etterforskingsresultatet, blant anna brukt mykje tid på å søkje i elektroniske databasar, utan å finne noko som kan tyde på manipulering. Dahl seier at han er heilt på line med statsadvokaten si avgjerd om leggje bort saka.

– Det vi var mest redd for var at denne saka var toppen av eit isfjell, men vi har ikkje funne noko som kan tyde på det, seier Dahl til NRK.

– Ikkje greitt med overvaking

Generaladvokaten er klar på at dette ikkje betyr at det er greitt å overvake journalistar. Det er i strid med lova, men det som har skjedd i denne saka er ikkje så alvorleg at det er straffbart etter norsk lov.

Kjetil Stormark 22. juli

Kjetil Stormark er ein av journalistane som vart registrerte. No krev han disiplinære tiltak mot dei som stod bak.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Etterforskarane har ikkje funne ut kven som gav ordre til at ein del norske journalistar skulle registrerast. Det er likevel slått fast at kartlegginga vart avslutta raskt, fordi dei kom fram til at dette ikkje var bra.

– Feilen var at det ikkje vart teke ei avgjerd om å slette materialet, seier Arne Willy Dahl.

Han trur ikkje at det er mogleg å finne ut noko meir i denne saka. Statsadvokaten har også gjort det klart at han er svært nøgd med militærpolitiet si etterforsking av denne saka.

LES OGSÅ: Etterretningsbataljonen på Setermoen kartla ni journalister

LES OGSÅ: Ni journalister ulovlig kartlagt av Forsvaret

Krev disiplinære tiltak

Ein av dei registrerte journalistane, Kjetil Stormark, seier i ein kommentar til NRK at når statsadvokaten no har lagt denne saka til side, så forventar han at Forsvaret som arbeidsgjevar går vidare med disiplinære tiltak mot dei som stod bak den ulovlege registreringa.

– Om det ikkje blir ein reaksjon, vil det vere ei rettstryggleiksmessig hån mot dei av oss som er ramma av dette. Då vil dei heller ikkje ta på alvor det ansvaret dei har for at det ikkje skal skje i igjen, seier han.

Det var Etterretningsbataljonen på Setermoen i Troms som registrerte minst ni journalistar som interesserte seg for den hemmelege spionorganisasjonen E14. Det kom fram at ein 17 sider lang Power Point-presentasjon med offentleg tilgjengeleg informasjon om journalistane har vore lagra av Etterretningsbataljonen.

Forsvarssjef Harald Sunde sa før etterforskinga starta at det ikkje skal herske tvil om at Forsvaret ynskjer å kome til botn i denne saka.

– Ikkje disiplinære tiltak

– Vi er ikkje overraska, men svært nøgd med denne konklusjonen. Dette viser at Etterretningsbataljonen ikkje har drive overvaking eller kartlegging av norske borgarar. At informasjon frå opne kjelder er lagra feil er beklageleg, men dette forholdet har vi rydda opp i, seier sjefen for Brigade Nord, Odin Johannessen.

Talsmann for Hæren, oberstløytnant Terje Bruøygard, seier at Forsvaret ikkje ser nokon grunn til å setje i verk disiplinære tiltak mot enkeltpersonar som var involverte i denne saka..

- Generaladvokaten har slått fast at det som skjedde ikkje var i strid med den militære straffelova. Vi har lært av denne saka, vi har sett i verk tiltak og det kjem ikkje til å skje igjen, seier Bruøygard til NRK.

LES OGSÅ: Etterretningsbataljonen på Setermoen kartla ni journalister

LES OGSÅ: Stormark varsler erstatningskrav

LES OGSÅ: – Må komme til bunns i denne saken

LES OGSÅ: Hæren: Kartla kun åpen faktainformasjon om journalister

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger