Hopp til innhold

Refser Frps Finnmarkshets

- Framstegspartiet har alltid spelt på motsetnader mellom folk og grupper i samfunnet, særleg i Finnmark, seier Helga Pedersen (Ap).

Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen (Ap)
Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Før helga kom meiningsmålinga som syner at Framstegspartiet ligg an til å verte det største partiet i det tidlegare knallraude Finnmark fylke.

Valforskar Marcus Buck ved Universitetet i Tromsø forklarer den auka oppslutninga med at Frp er det einaste partiet som har teke tak i den underliggjande misnøya med det mange finnmarkingar ser som særrettar for samane.

Frp går blant anna inn for leggje ned Sametinget.

Buck understrekar at det er feil å hevde at samane har etniske rettar , men seier oppslutninga om Frp seier sitt om korleis debatten om rettar i Finnmark har vorte oppfatta av veljarane i fylket.

Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen er ikkje så viss på at valresultatet i Finnmark vil verte mørkeblått.

- Vi skal vere svært varsame med å tilleggje ei enkelt meiningsmåling for mykje vekt. Ei anna meiningsmåling førre veke, synte jo at 54 prosent av folk i nord ønskjer ei raudgrøn regjering.

Les også: Flertall vil ha rødgrønn regjering

- Det er framleis ein månad att til valet og vi vil jobbe svært hardt for å vinne. Finnmark vil tape stort på eit marknadsliberalistisk eksperiment som det Frp vil gjennomføre. Dette vil føre til at ressursar og fokus vert flytta vekk frå fylket, meiner ho.

- Folk er fly forbanna

Ansvarleg redaktør Hans Kristian Amundsen i avisa Nordlys ser det derimot som truleg at Frp kan kome til å verte det største partiet i Finnmark på valdagen.

Hoppet på meiningsmålingane skyldes reint og ekte sinne over ganske ekstreme krav frå Sametinget og frå Arbeidarpartiet si gruppe i Sametinget.

Hans Kristian Amundsen

I ein leiarartikkel i dagens avis skriv han at bakteppet for dette sinnet er debatten om Finnmarksloven, men at det var eit krav om "indre sjølvstyre" i samband med Arbeidarpartiet sitt programarbeid i fylket som for alvor utløyste raseriet.

- Dette gjev folk assosiasjonar til reell lausriving og statsdanning. I tillegg kom striden om den nye minerallova, der Sametinget trua med å gå imot regjeringa og Stortinget og innføre ei eiga urfolksavgift, seier han.

Skuldar på Arbeidarpartiet

Han meiner difor Sametinget sjølv, og særleg Arbeidarpartiet si sametingsgruppe, må ta mykje av ansvaret for at veljarane no ser mot Frp.

- I sum fører dette til frykt for at tonegjevande samiske Ap-politikarar flørtar med tanken om lausriving og statsdanning. Sakleg sett er det ikkje grunnlag for slik frykt. Likevel skjønar vi folk svært gode. Det Ap-styrte Sametinget har takla desse sakene maksimalt uheldig, meiner han.

Helga Pedersen ser problemet og vedgår at også ho har lete seg provosere av framferda til Sametinget.

Eg forsvarer ikkje alt Sametinget seier og gjer, men meiner likevel det er svært viktig at samane har eit slikt talerøyr.

- Krava er uaktuelle

- Vi har gjort det heilt klart at krava frå Sametinget, både når det gjeld sjølvstyre og minerallova, er heilt uaktuelle, seier Helga Pedersen.

- Frp har likevel greidd å setje dagsorden i denne saka. Har de vore for lite synlege?

- Eg trur som sagt vi skal vere varsame med å trekkje bastante slutningar ut frå ei enkelt meiningsmåling, seier Pedersen.

- Kunstig konflikt

Kirsti Bergstø

Kirsti Bergstø (SV)

Foto: Sosialistisk Ungdom

SVs fyrstekandidat i Finnmark, Kirsti Bergstø, meiner Frp har piska opp konfliktnivået i fylket meir enn det er grunnlag for.

- Eg deler irritasjonen over at enkeltpersonar tek seg til rette, men det er noko heilt anna enn å gå til åtak på dei samiske rettane. Ein må skilje mellom handlinga til nokre få personar og det som er rettane til fleire.

- Burde ikkje SV ha vore tydelegare til stades i denne debatten, når det er så openbert at denne engasjerer folk så sterkt?

- Vi har vore tydelege på at Sametinget er og skal vere eit rådgjevande organ, seier Bergstø.

- Har avliva mytane

Fylkestingsrepresentant Laila Davidsen, FrP

Laila Davidsen (Frp)

Foto: Nils Henrik Måsø / NRK

Leiaren i Finnmark Frp og andrekandidat til stortingsvalet, Laila Davidsen, meiner framgangen til partiet skuldast meir enn misnøya mot Sametinget.

- Vi har lukkast i å forklare politikken vår for veljarane. Dei andre partia skuldar oss for å ville rasere Finnmark ved å kutt overføringane. Slike mytane har vi greidd å avlive, seier ho.

AKTUELT NÅ