Hopp til innhold

Redningsleiar: – På eit tidspunkt kokte det her

Hovudredningssentralen Sør-Noreg har hatt ein travel dag etter fleire snøskred i påskefjellet. – På eit tidspunkt hadde vi fire aksjonar samtidig, seier redningsleiar Owe Frøland.

Hovedredningssentralen Sør-Norge

TRAVELT: Det har vore travelt på Hovudredningssentralen på Sola langfredag. Ekstra mannskap måtte kallast inn til sentralen for å klare å ta unna alt som skjedde.

Foto: NRK

Langfredag gjekk det fleire snøskred i Sør-Noreg, noko som førte til mange redningsaksjonar. Hovudredningssentralen på Sola har hatt nok å henge fingrane i denne langfredagen.

– Alt kom på ein gong i ettermiddag. På eit tidspunkt kokte det her, seier redningsleiar Owe Frøland til NRK.

I fleire av snøskreda frykta redningsmannskapet at menneske var tatt av snømassane. I Kyrkjenuten i Suada fortalde fleire vitne at dei hadde sett skispor inn i skredet.

Måtte kalle inn ekstra mannskap

I ettermiddag var alle redningshelikoptera til 330-skvadronen i Sør-Noreg i lufta, og fleire av luftambulansane var også involvert i hendingar i påskefjellet.

– Det har vore ein ganske travel dag. Vi måtte kalle inn ekstra personar på sentralen for å klare å ta unna alt, seier redningsleiar Johan Mannsåker.

Desse stadane gjekk det skred i dag:

  • Storlidalen, vest for Oppdal, Sør-Trøndelag: Alarmen gjekk ved 16-tida då ein skiløpar melde ifrå om at han hadde løyst ut tre snøskred. Det eine skredet skal ha vore relativt stort, ifølgje Hovudredningssentralen. Etter å ha søkt gjennom området, kunne ein etter ei stund konstatere at ingen var tatt.
  • Tyinkrysset, Oppland: Ein person tatt av skred. Vedkommande klarte å komme seg i tryggleik på eiga hand. Vart ikkje skadd.
  • Storhøi, ved Lom, Oppland: Meldt om skred ved 16-tida. Helikopter søkte gjennom området. Ingen tatt.
  • Kyrkjenuten, Sauda, Rogaland: Ein større redningsaksjon vart sett i gang etter at fleire turgåarar melde frå om eit snøskred som var rundt 30 meter breitt. Fire-fem vitne skal ifølgje Hovudredningssentralen sett skispor inn i snømassane. Uvisst om det gjekk skispor ut av skredet. To helikopter og redningsmannskap blei sendt til staden. Helikopter med varmesøkjande kamera søkte gjennom området. Etter tre timar vart aksjonen avblåst.
  • Kanndalen, Sunndal, Møre og Romsdal: Ein mann i i byrjinga av 40-åra vart tatt av skred. Turkameratane grov ut mannen frå snømassane. Han var ikkje skadd.

Skreda truleg utløyst av menneske

Det er moderat snøskredfare fleire stader i landet. Den einaste staden det er meldt om betydeleg faregrad i påska, er i Fjordane og på Sunnmøre.

Alle skreda som gjekk langfredag vart truleg utløyst av menneske.

– Alle som skal i påskefjellet bør sjekke skredvarselet for sitt område. Ein bør også ha med seg naudsynt utstyr, og ha planlagt turen på førehand, seier Mannsåker.

– Skal ein køyre ski i laussnø bør ein ha med skredsøkjeutstyr. Ein bør også køyre saman med andre, og ikkje aleine, seier Mannsåker vidare.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

AKTUELT NÅ