NRK Meny
Normal

Redningsaksjonen avslutta

Det nederlandske bergingfirmaet Smit var i kveld kveld på veg til "Bourbon Dolphin som havarerte ved Shetland i går, men  redningsaksjonen er avslutta.

Næringsminister Dag Terje Andersen vitja Fosnavåg 13. april.
Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

Den britiske redningstenesta sa i kveld at den hadde avslutta redningsaksjonen.

Det er ikkje lenger håp om å finne fleire overlevande.

Tidlegare i dag var dykkarar inne i vraket for å leite etter overlevande, men dei måtte avbryte søkjet utan å finne nokon.

Neville Davis, talsmann for Kystvakta på Shetland, sa seinare at det er ekstremt usannsynleg at dei fem sakna vil bli funne i live.

Blant dei sakna er ein far og den 15 år gamle sonen hans frå Herøy. 15-åringen hadde arbeidsveke om bord i "Bourbon Dolphin". 

Næringsminister Dag Terje Andersen kom i dag til Fosnavåg i Herøy i Møre og Romsdal, heimbygda til dei fleste av dei som var om bord i ulukkesskipet.

Han varslar at regjeringa vil setje ned ein kommisjon som skal stå for ei uavhengig gransking av forliset til "Bourbon Dolphin". 

Det er Sjøfartsdirektoratet som har bede om at det blir sett ned ein slik kommisjon. 

Dag Terje Andersen seier at undersøkinga vil bli så brei som mogleg for å greie finne ut kva som faktisk skjedde. Spesielt nemner han konstruksjonen til skipet, godkjenning og sertifisering.

Sjøfartsdirektør Sigurd Gude seier at denne jobben er for stor for Sjøfartsdirektoratet, og han bad om at Justisdepartementet skal nedsetje granskingskommisjonen.

 Ulukka i går kveld skjedde 75 nautiske mil nordvest for Shetland. Mannskapet greidde så vidt å sende ut naudmelding før skipet kantra.

"Bourbon Dolphin" er konstruert for å ta inn ankeret frå akterenden av skipet. Då ankerfestet til plattformen dei arbeidde med skulle dragast opp, skal kjettingen ha kome over på sida.

Skipet skal ha kantra i løpet av få minutt, har overlevande fortalt.

Krisetemaet til Veritas samla seg i dag for å finne ut korleis ulukka kan ha skjedd. Det dei overlevande har fortalt har hjelpt dei eit stykke på vegen, men nokon konklusjon har dei ikkje trekt.

I kveld er det nederlandske bergingsfirmaet Smit på veg til "Bourbon Dolphin". Firmaet har tidlegare delteke i berginga av både "Rocknes" og "Kursk".

Det første dei skal gjere når dei kjem fram, er å kutte kjettingen som knyt "Bourbon Dolphin" til riggen "Transocean Rather", og deretter å finne ut om skipet kan sikrast på ein annan måte, eller om det må tauast i land før det kan undersøkast vidare.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger