Hopp til innhold

Sterke reaksjonar på høge leiarlønningar

Grasrota i Arbeidarpartiet og LO rasar over at sjefen for det heilstatlege eigedomsselskapet Entra i fleire år har vore lønnsleiande i bransjen.

Innslag i Dagsrevyen 3.10.12. Reporter Ingunn Solheim og Fredrik Solvang.

VIDEO: Ove Brandt og Roy Pedersen reagerer sterkt på leiarlønningane.

Tillitsvalde seier til NRK at dei kjenner seg førde bak lyset av næringsminister Trond Giske, som fleire gonger har sagt at han skal få ned leiarlønningane i staten.

Rune Olsø

Rune Olsø er ny toppsjef i Entra Eigedom.

Foto: Mari Wedø / NRK

Rune Olsø er god ven og partifelle av Trond Giske i Arbeidarpartiet. Han er i god gang med jobben som toppsjef i Entra, og om kort tid vil ha signere lønnsavtalen sin.

LES OGSÅ: Statens toppledere på lønnstoppen: – Giske har ikke løftet en finger

Mindre enn forgjengaren

Han viser til styret på spørsmål om lønna si. NRK veit at han har fått eit tilbod frå styret. Grunnlønna skal vere på 3,1 millionar kroner i året, men både pensjonsavtalen og bonusavtalen er lågare enn det forgjengaren hans hadde.

Siri Hatlen

Siri Hatlen er styreleiar i Entra Eigedom.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

Likevel vil han ende med ei årsløn på cirka fire millionar kroner, inkludert full bonus.

Styreleiar Siri Hatlen kunne ikkje stille til intervju i dag, men seier dette til NRK på spørsmål om dette ikkje er lønnsleiande.

«Avtalen som blir utarbeidet innebærer vesentlig lavere pensjonskostnader og halvering av maks bonus».

Sterke reaksjonar

I Arbeidarpartiet og LO er det sterke reaksjonar. Nokon nektar å tru at deira eiga regjering i mange år har roleg sett på at heilstatlege Entra var lønnsleiande.

Trond Giske

Sinnet rettar seg først og fremst mot Trond Giske.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

Sinnet rettar seg mot Trond Giske, som lovde å stagge leiarlønnsgaloppen. Han har aldri gripe inn og hindra at Entra-sjefen har tent mellom fem og seks millionar kroner i året.

Ove Brandt i Oslo Ap er ein av dei som har reagert, og sinnet rettar seg først og fremst mot Trond Giske.

– Eg er forferda. Eg er opprørt og forbanna, og eg kjem til å gå vidare med dette internt i partiet, seier Ove Brandt til NRK.

Roy Pedersen i LO i Oslo reagerer sterkt på opplysningane, og også han seier han vil gå vidare med saka.

AKTUELT NÅ