Hopp til innhold

Reagerer på kald Behring Breivik

– Han var totalt blotta for audmjuke, seier bistandsadvokat Sigurd Klomsæt om den terrorsikta etter rettsmøtet fredag.

Video Advokat reagerer på Behring Breivik framferd

Sjå intervjuet med bistandsadvokat Sigurd Klomsæt like etter rettsmøtet fredag.

I dag møtte terrorsikta Anders Behring Breivik i Oslo Tingrett.

Behring Breivik har sete varetektsfengsla og fullstendig isolert på einecelle i Ila fengsel dei siste fire vekene Retten skulle i dag ta stilling til om den sikta bør bli sitjande på isolat i fire nye veker.

Rettsmøtet gjekk føre seg bak lukka dører. Korkje pressen, overlevande eller pårørande fekk vera til stades. Bistandsadvokatar var i rettssalen på vegne av sine klientar. Blant dei var Sigurd Klomsæt.

– Blotta for audmjuke

– Han var totalt blotta for audmjuke, sa Klomsæt til pressen då rettsmøtet var ferdig, rundt klokka 13.30.

Alle som deltok på rettsmøtet har referatforbod. Retten vil informera om avgjerda dei har teke på ein pressekonferanse klokka 15. Den kan du sjå direkte på nrk.no.

Klomsæt seier det var noko spesielt han reagerte på, men vil ikkje kommentera meir konkret kva Behring Breivik sa eller gjorde som provoserte han.

Korleis framstod han?

– Han framstod svært lik som på bileta eg har sett av han tidlegare.

– Han forstår ikkje kva pining og lidingar han har påført mange menneske. han er oppteken av sin situasjon. Det er ein utfordring for dei som skal vurdera han, legg bistandsadvokaten til.

Video Anders Behring Breivik på veg tilbake til fengselet

Anders Behring Breivik på veg tilbake til fengselet

– Vanskeleg i isolasjon

Behring Breiviks forsvarar Geir Lippestad seier klienten framstod som roleg i retten.

– Sikta forklarte seg om sin situasjon i isolasjon og sa at det er vanskeleg. Vidare fekk aktor ordet for å grunngje at isolasjon er riktig. Deretter fekk eg ordet for å grunngje kvifor isolasjonen ikkje bør vara lenger. Etterpå blei rettsmøtet heva.

Kvifor tykkjer han at det er tungt å sitja på isolat?

– Det ligg i saka sin natur at det å sitja isolert i eit lite rom er vanskeleg, svarar Lippestad.

Kva kan sei om framferd no samanlikna med fengslingsmøtet 25.juli?

– Framferden er den same. Han opptrer roleg. Han hadde nokre synspunkt som han har fremja for retten i dag. Eg kan ikkje gå inn i detajar på grunn av referatforbodet, men det gjekk på hans syn på det å sitja i isolasjon.

Terrorsiktede Anders Behring Breivik

Terrorsikta Behring Breivik på veg til Oslo Tingrett fredag.

Foto: Thomas Winje Øijord / Scanpix

Saka vert oppdatert.

AKTUELT NÅ