Hopp til innhold

– Retten har satt ein stoppar for islamkritikk i Noreg

Kurdarane som vart utsett for drapstrugslar av mulla Krekar får ikkje oppreisingserstatning fordi retten meiner det var «heilt uakseptabelt» å brenne to vers av koranen. Bistandadvokaten til ein av kurdarane er skremt over dommen som ho meiner er moraliserande.

Randi Hagen Spydevold

Randi Hagen Spydevold er bistandsadvokat til ein av kurdarane som vart nekta erstatning for Krekar sine Fatwa-trugslar.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Mulla Krekar vart dømt til fengsel for blant anna å ha kome med Fatwa-trugslar overfor tre kurdarar fordi dei brann koranvers. Etter vanleg praksis skulle kurdarane få tilkjent oppreisingserstatning for å ha levd under drapstrugslane i fleire år.

Men retten nekta dei dette, og begrunna det med at koranbrening er «heilt uakseptabelt» og «krenkande for muslimar».

Det er vurderinga til retten at brenninga av vers frå koranen er sterkt krenkande for mange muslimar. Det må dei begge vere klar over.

Dommen mot mulla Krekar, side 28

Moraliserande av retten

Bistandsadvokaten til ein av dei tre kurdarane, Randi Hagen Spydevold, er svært overraska over grunngjevinga, og leverte onsdag inn ein anke. Ho seier til NRK.no at retten opptrer sterkt moraliserande.

– Eg vart mildt sagt ganske overraska. Det var ein grundig dom elles, og så fell det ned på moral i dette spørsmålet. Det er ein skremmande haldning av retten.

Ho meiner klienten sin utførte koranbrenninga som ein legitim islamkritikk, og at det difor er merkeleg at ein norsk domstol moraliserer over denne haldninga.

Mulla Krekar får flere tilhengere

Mulla Krekar fekk fem års fengsel for drapstrugslar, der 2,5 år var for trugslar mot tre kurdarar.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

– Dersom ein ikkje kan få ta eit oppgjer med provoserande haldningar i islam, så blir det eit merkeleg samfunn. Med denne dommen har ein sett ein stoppar for islamkritikk i Noreg, seier ho.

– Vil ikkje legge meir press på Krekar

NRK.no har snakka med ei av dei fornærma kurdarane som ikkje fekk erstatning. Han brann seks sider av Koranen som innehelder verset Anfal. Deretter tok han bilde av de brennande sidene, og la dei ut på nettet, som ein politisk protest mot det irakiske Baaht-regimets undertrykking av det kurdiske folket.

Den fornærma kurdaren mista ifølge dommen store deler av familien da Baaht-regimet i 1988 drap 5000 kurdarar i et angrep mot byen Halabja. Angrepet ble kalt Al Anfal, etter verset i Koranen. Mannen seier til NRK.no han reagerer på rettens avgjering.

– Eg trur det gjeres for å ikkje legge meir press på Krekar, noko som er rart. Min advokat har anka avgjeringa, så får vi sjå kva som skjer, seier mannen som nå bur på hemmeleg adresse.

Ville starte ein debatt

Klienten til Spydevold skal ha erkjent at koranbrenninga var provoserande for mange, og har seinare bedd om unnskyldning. Men meininga bak handlinga skal ha vore å starte ein debatt om islam i det kurdiske samfunnet. Spydeberg meiner det er smålig av ein norsk domstol å meine noko om dette.

– Kurdarane har mista slekt og vener på grunn av koranverset. Og så skal me her i trygge Noreg dømme dei som har opplevd det verste? For meg blir dette heilt merkeleg, seier Spydevold.

Etter vurderinga til retten var brenninga bevisst provoserande, og er etter vurderinga til retten, ein heilt uakseptabel handling. (...) Krekar skal difor frifinnast for erstatningskravet.

Dommen mot Krekar, side 28

Spydevold fortel at det eine koranverset som vart brent seier at ei kvinne er verdt halvparten av ein mann. Det andre verset seier at du skal drepe dine fiendar.

– Då Saddam Hussein gjennomførte sennepsangrepet på kurdarane, gjekk det andre verset på fjernsynet heile døgnet. Saddam sa heile tida at dette verset underbygga at angrepet var riktig, seier Spydevold.

– Ingen heimel for å moralisere

Morten Kinander

Filosof og jurist Morten Kinander trur retten er redd for å skape reaksjonar i det islamske miljøet.

Foto: unknown / Privat

Ho får støtte av jurist og filosof Morten Kinander, som for ei veke sidan skreiv eit kritisk innlegg om avgjerda i Aftenposten. Han seier til NRK.no at bruken av omgrepet «uakseptabelt» ikkje har noko relevans i ein sak om erstatning.

– Retten har ikkje noko heimel for å moralisere overfor koranbrenninga. Det er forskjell på at noko er uakseptabelt og uforsvarleg. Å kalle noko uakseptabelt har ingen relevans i ein erstatningsmessig samanheng, seier Kinander.

Kinander trur at ein av årsakene til dommen kan vere frykt for å skape reaksjonar i det islamske miljøet.

–Det kan virke som ein har sett dette i saman heng med Mohammad-karikaturane og tenkt med redsel på kva konsekvensane vil vere dersom ein seier det er greitt å få erstatning etter å ha brent koranen.

– Er du samd med Spydevold om at dette er eit tilbakesteg for islamkritikk i Noreg?

– Ja, dersom dette blir gjeldande i norsk rett så er det det. Ein må vere klar over at ein fråsiger seg eit erstatningsrettsleg vern for kritikk av islam. Eg kan umogleg tenkje meg at tilsvarande hard kritikk av noko anna enn islam ville føre til ein slik reaksjon.

Randi Hagen Spydevold leverte onsdag ein anke på vegne av klienten sin, og vil jobbe med ein grundigare bevisførsel då saka skal opp på nytt, saman med heile Krekar-dommen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT