Raudt vil innføre luksusavgift på fly og straum

Raudt vil innføre luksusavgift for dei som flyr mykje og dei som brukar mykje straum i sitt forslag til nytt partiprogram.

Norwegian fly på bakken

Raudt vil ha ei avgift som aukar dess fleire gongar du reiser.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Me vil gjere meir forskjell på folk, forskjell på folk som har god og dårleg råd, forskjell på dei som brukar mykje og brukar lite, seier leiaren i programkomiteen i Raudt, Marie Sneve Martinussen.

Når Raudt skal lage nytt partiprogram vil dei gjere det dyrare å forureine for dei som har god råd og billegare for dei med dårleg råd.

Marie Sneve Martinussen, leiar i programkomiteen i Raudt.

Dagens miljøavgifter er urettferdige, meiner Marie Sneve Martinussen, leiar i programkomiteen i Raudt.

Foto: Astrid Randen / NRK

Luksusavgift på straum

Programkomiteen foreslår blant anna å innføre høgare elavgift for dei med høgt straumforbruk.

– I dag betaler du like mykje i elavgift om du har vanleg forbruk eller om du har oppvarma jacuzzi og oppkøyrsle på hytta di. Det er ikkje rettferdig, seier Martinussen som foreslår langt høgare avgift for dei med høgt forbruk.

Billigare bom for fattige

Mange parti diskuterer no om me skal kutte ut bomstasjonane og heller innføre vegprising. Men Raudt vil gjere det på ein ny måte. Dei foreslår å gjere bomavgiftene meir sosialt rettferdig med å innføre ein form for rabatt for dei med dårleg råd.

Kven skal betale meir om dei med dårleg råd skal betale mindre?

– Dette er ei justering ein kan gjere samtidig som ein aukar bompengane for elbilane, seier Martinussen.

Skyhøge flyavgifter

Der det finst gode alternative transportmiddel tek programkomiteen også til orde for å innføre avgifter for flyreiser. Og flyr du ofte business til utlandet vil dei du skal betale 3000,- kroner ekstra for kvar billett.

SAS fly på vei fra Stockholm til Oslo, 12.mars 2020

Raudt vil gjere det dyrare å fly ofte, men berre i Sør-Noreg.

Foto: Bente Sletten Mathisen

– Me vil ha ei avgift som aukar dess fleire gongar du reiser. Første gong du reiser, ingen avgift, reiser du mange gongar i året, blir det ein stadig auka avgift. Reiser du med business eller første klasse, meiner vi det også er rimeleg at du betaler ei høgare avgift for det.

– Skal staten sitte med oversikt over kor mange gongar eg har reist med fly?

– Den oversikta finst allereie i dag fordi ein av sikkerheitsmessige omsyn treng å vite kven som flyr.

– Det blir jo ikkje lagra slik at ein veit at no har den personen flydd fire gongar på den strekninga?

– Det er veldig viktig å gjere slike løysingar slik at det varetek personvernet.

Sjølvmeldinga på Gardermoen

Dette er heit urealistiske forslag, meiner miljøpolitisk talsperson i Høgre Stefan Heggelund.

Stefan Heggelund er stortingsrepresentant for Høyre

Dette blir tungrodd og byråkratisk, meiner Stefan Heggelund i Høgre.

Foto: Hallvard Norum / NRK

– Eg er for at me skal ha ei rettferdig klimaomstilling. Men eg må seie at det høyrest litt upraktisk ut om me må møte opp på Gardermoen med sjølvmeldinga. Eller at me skal ha statlege byråkratar som registrerer nøyaktig kor mange gongar du har reist mellom Oslo og Kristiansand for eksempel, seier Heggelund.

Heggelund meiner omfordeling må skje gjennom skattesystemet.

– Er du ueinig i prinsippet, at det skal koste meir å forureine for dei med god råd og mindre for dei med dårleg råd?

– Eg meiner me skal omfordele ved hjelp av skattesystemet. Det er slik me sikrar at det ikkje blir uheldige fordelingsverknader av klimapolitikken. Det gjer me blant anna gjennom å gjere det enklare og billegare å velje dei klimavennlege alternativa, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger