Raudt kjenner på politisk medvind om dagen.
Sjølv om dagens stortingsgruppe berre tel ein mann, så er snittet av målingane gode. Det er ikkje berre ein draum dei ber på, det at partiet skal kome over fire prosent og få fleire stortingsrepresentantar.
Det kan faktisk skje.
Samarbeid, men ikkje regjering
Difor legg partiet planar for korleis det skal utnytte ein styrka posisjon. Raudt har lenge sagt at dei ikkje ser for seg å sitte i regjering. Men det finst andre vegar til politisk makt.
I dag presenterer Raudt-leiar Bjørnar Moxnes eit dokument som slår fast korleis partiet tenker om samarbeid på Stortinget dersom valet 2021 fører til regjeringsskifte.
Svaret er altså ein politisk samarbeidsavtale.
«Vår vurdering er at det mest effektive for å sikre en ny politisk retning vil være en avtale med en ny regjering, gitt at avtalen er god nok», skriv partiet i samarbeidsdokumentet.
Slik seier partileiar Bjørnar Moxnes det sjølv:
SAMARBEID: Raudt-leiar Bjørnar Moxnes vil ha samarbeidsavtale dersom det blir ny regjering etter stortingsvalet.
– Valet må bli eit politisk retningsskifte. Difor opnar vi for eit reelt samarbeid med ny regjering for å stenge døra for høgresida, slår han fast.
«Derfor sier vi nå til de andre partiene at det bare er å innstille seg på å sette seg ned ved forhandlingsbordet med Rødt etter valget, slik at vi sikrer et nødvendig politisk retningsskifte», skriv partiet i dokumentet som skildrar samarbeids-strategien Raudt skal gå til val på.
Moxnes ramsar opp følgande politikkområde når NRK spør kva krav han vil stille til ein samarbeidsavtale.
- Forskjellane skal ned
- Profittfri velferd
- Slutt på «handlingslammelsen» innanfor natur-, klima- og næringspolitikk
Og han understrekar at det er reelle krav. Han vil ikkje ha ein avtale for ein kvar pris.
– Vi skriv aldri under på ein avtale som binder oss opp til å vere ei dørmatte for andre parti.
Men vil dei leike?
Trass invitasjon til samarbeid: det er nok ein veg å gå før Moxnes får den avtalen han vil ha. For mange på venstresida i politikken ser fortsatt med ein viss skepsis på partiet som har røtene sine i kommunistpartiet AKP(m-l).
Slik omtalte Ap-leiar Jonas Gahr Støre det politiske slektskapet mellom han og Moxnes i 2018.
SLEKTSKAP: Støre kjenner seg meir i slekt med Solberg enn Moxnes sa han då Politisk kvarter markerte 50-års-jubileum hausten 2018.
Arbeidarpartiet er skeptisk også i dag. Partisekretær Kjersti Stenseng peikar på at Raudt og Ap står langt frå kvarandre.
– Vi samarbeidar godt frå sak til sak i Stortinget og i mange kommunar, men det er noko anna enn å ha ein formalisert samarbeidsavtale.
Sjølv om målingane er nitriste for Ap om dagen, er målet til partiet fleirtalsregjering med SV og Senterpartiet. Dersom ei trepartiregjering til saman har fleirtal på Stortinget, vil det ikkje vere noko behov for ein slik avtale som Moxnes skisserer. Men Stenseng er negativ til samarbeidsavtale uansett om ei ny regjering har fleirtal eller ikkje.
NEI TAKK: Samarbeid, men ikkje avtale, er svaret frå Aps Kjersti Stenseng.
– Vi har ingen planar om å inngå samarbeidsavtalar med parti på utsida av ei regjering, slår ho fast.
– Kvifor ønskjer de ikkje samarbeidsavtale med Raudt?
– Vi står langt frå kvarandre i mange saker.
Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum repeterer sitt mantra om at han ikkje vil gje merksemd til det han kallar samarbeid og spel. Han takkar difor nei til å gje eit intervju med NRK om Raudts strategi.
Men Vedum skriv likevel følgande til NRK: «Høgre og Erna Solberg sin modell med samarbeidsavtalar har ikkje styrka styringa av Noreg.»
Erfaringar frå Ernas tid
Vedum viser altså til at det var ein samarbeidsavtale i norsk politikk så seint som i perioden 2013 til 2017.
SKEPTISK: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.
I denne fireårsperioden var det berre dei to partia Høgre og Frp som danna regjering. Venstre og KrF sat ikkje i regjering, men støtta ho frå Stortinget gjennom ein avtale.
Avtalen sikra at dei fire partia alltid skulle snakke saman og forhandle først. Den sikra at partia på høgresida fann saman i dei store og viktige sakene, for eksempel vart dei einige om alle statsbudsjett i perioden.
I dokumentet Raudt legg fram i dag, argumenterer også dei for at ein avtale mellom eit stortingsparti og ei regjering vil vere det mest effektive for å sikre ei ny politisk retning. Raudt skriv at dei med dette som grunnlag vil vere positive til å forhandle statsbudsjett med ei ny regjering.
– Det vil sikre eit reelt politisk retningsskifte, argumenterer Raudt-leiar Moxnes. – Ein avtale kan binde opp ei regjering i vår retning og unngå at dei køyrer slalåm i stortinget og gjer opp dei viktige sakene med høgresida.
Samarbeid og revolusjon
Då Støre og Moxnes hausten 2018 snakka ut om Støres utsegner om politisk slektskap, sa Moxnes at han er lei av å bli mistenkt for å meine det same som AKP-ml på 70-talet. Men fortsatt seier prinsipprogrammet til Raudt at partiet ønskjer ein sosialistisk revolusjon. Ein fredeleg ein, vel å merke.
Moxnes meiner han både kan samarbeide med andre parti og jobbe for langsiktig systemskifte.
– Ønskjer du både samarbeidsavtale med ei regjering og skape revolusjon på same tid?
–Ja, men det er nok litt ulike tidsperspektiv på det. Det viktige no er å få til eit reelt politisk retningsskifte etter valet til hausten.
– Men viss de har ein samarbeidsavtale, skal de då også jobbe for ein revolusjon?
– Vi skal naturlegvis jobbe for både langsiktige og kortsiktige mål. Vi ser på det å få eit meir demokratisk Noreg og eit Noreg der arbeidsfolk sine interesser er i førarsetet som viktige steg på vegen mot vårt langsiktige mål.
– Som er revolusjon?
– Absolutt.