Hopp til innhold

Raudt-Moxnes strammar til skruen: Vil vite kvifor Hauglie reagerte så seint

Sist Raudt-leiar Bjørnar Moxnes stilte mistillitsforslag i Stortinget, enda det med at Sylvi Listhaug gjekk av. I dag bora Moxnes etter svar frå Anniken Hauglie i trygdeskandalen, og meiner ho ikkje evna å svare på det enklaste spørsmålet av alle.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes vil ha svar på kva statsråd Anniken Hauglie (H) gjorde for å forhindre at folk vart dømde og sat urettmessig i fengsel.

Raudt-leiar Bjørnar Moxnes vil ha svar på kva statsråd Anniken Hauglie (H) gjorde for å forhindre at folk vart dømde og sat urettmessig i fengsel.

– Kva gjorde Anniken Hauglie mellom 30. august og 31. oktober for å forhindre at menneske vart dømt og blei sittande i fengsel på feilaktig grunnlag?

Det er spørsmålet Moxnes meiner er enkelt å svare på - og som han difor stilte i stortingssalen.

Anniken Hauglie var på plass for andre dag på rad for å forklare seg om trygdeskandalen, då ho måtte svare på eit spørretime-spørsmål frå Raudt.

Arbeidsminister Anniken Hauglie

I STORTINGET: Anniken Hauglie måtte møte i Stortinget.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Mange spørsmål å stille

Moxnes meiner mangelen på rask politisk handling er opprørande.

For sjølv om statsråden vart klar over alvoret i slutten av august, sat folk uriktig fengsla for trygdesvindel fram til førre veke.

Utover å vise til at det vart sendt ut melding til politidistrikta midt i september om mogleg feil bruk av lova, forklarte ikkje Hauglie noko nærmare om kva ho gjorde i det tidsrommet.

Ho sa at dette var noko ein må få svar på i granskinga. Før ho erkjente følgande:

– Når ein ser på heile saka tilbakeskodande er det grunn til å stille mange spørsmål om kva som burde vore gjort på eit tidlegare tidspunkt.

Etter spørsmål-seansen i stortingssalen var Moxnes misfornøgd:

– Ho svarar overhode ikkje på spørsmålet, det er ikkje tillitvekkande, det er derimot veldig beklageleg. Ho skal no leie opprydningsarbeidet og sette ned ein granskingskommisjon. Å gjere det utan å kunne svare på det enklaste spørsmålet i stortinget, er spesielt.

Feil praksis av EUs trygdeforordning

Ei oversikt over brev og møter mellom Arbeids- og sosialdepartementet og Nav i forbindelse med trygdeskandalen.

Vil finne ut om ho har gjort jobben sin

Dersom fleirtalet av dei som sit på Stortinget meiner arbeids- og sosialministeren ikkje har gjort jobben sin, kan eit såkalt mistillitsforslag bli vedteke.

Då må ministeren trekke seg frå regjeringa. Det skal mykje til at det skjer, fordi partia som sit i regjering har fleirtal på Stortinget. Men i denne saka har mange fått uriktige fengselsdommar og den blir vurdert som svært alvorleg.

– Driv Raudt og finn ut om det er grunnlag for mistillitsforslag no?

– Det er for å kunne vurdere om statsråden har gjort det ein kan forvente av ein statsråd når du får den største rettsskandalen i norsk historie i fredstid i fanget. Vi må vite om Anniken Hauglie har handtert det tidleg nok og kraftig nok.

Både Arbeidarpartiet og SV har antyda at mistillit mot Hauglie er eit mogleg utfall av saka.

En av de som hørte på redegjørelsen i dag var Rune Halseth. Han satt i fengsel i fire måneder, feilaktig dømt for trygdebedrageri. Han er ikke fornøyd med svarene som kom i stortinget i dag.

Meiner ho visste nok i desember 2018

Moxnes meiner manglande handling i haust er det mest graverande i saka. Men han meiner Hauglies departement visste nok allereie ved juletider i fjor til at ho burde gjort noko.

Brev frå Nav til departementet 20/12-2018

– Då burde departementet gått inn i saka og undersøkt om det stemte og om ein sto i fare for å utsette folk for justismord.

Men Hauglie meiner departementet gjorde det viktigaste, nemlig ga klar beskjed om kva slags praksis som skulle gjelde etter at dei fekk brevet i desember 2018.

– Kvifor skjønte ikkje ditt departement alvorligheitsgraden i desember 2018?

– Regjeringa har vore klar på heile tida at EØS-forordninga gjeld. I eit møte mellom departementet og arbeids- og velferdsdirektoratet i januar 2019 var vi klare på at forordninga gjeld og at praksis må endrast, seier Hauglie til NRK.

– Var det dette med at folk hadde blitt feil dømt departementet ikkje forsto då?

– Departementet sa til direktoratet at praksis måtte verte endra, og at i den grad ein hadde tolka reglane for strengt så måtte det endrast fordi EØS-forordningen gjeld.

AKTUELT NÅ