Raudt bykser fram – Ap held fram nedturen

På Norstat si ferske stortingsmåling for NRK og Aftenposten er Raudt det partiet som går mest fram. Dei raudgrøne partia ligg an til å gjere eit svært godt val, og no er Raudt og MDG om lag jamstore.

Magnus Takvam om hvorfor Rødt gjør det så bra på målingen.

Magnus Takvam om hvorfor Rødt gjør det så bra på målingen.

– Dette ser jo veldig bra ut. Eg trur det handlar om at vi er ein veldig tydeleg opposisjon til regjeringa. Folk merkar at vi er tydelege motstandarar av aukande skilnader i samfunnet, privatisering og av sentralisering, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.

På meiningsmålinga får partiet hans ein oppslutnad på 6 prosent og ti stortingsmandat, dersom det hadde vore stortingsval i dag.

Likevel vil ikkje Moxnes opne for å gå inn i regjering etter valet.

– Om vi som eit ferskt og lite stortingsparti går inn i regjering, så vil vi ende opp med å ete kamelar til frukost, middag og kvelds. Då er det betre å stå på utsida og dra politikken i vår retning, til vi er større og meir røynde.

– Kor mykje meir oppslutnad må de ha for å gå inn i regjering, då?

– Det er veldig vanskeleg å talfeste, men meir enn det vi har no i alle fall. Det viktigaste for oss er ikkje å køyre svarte bilar i regjering, men å påverke politikken slik at skilnadane i samfunnet blir mindre.

Partibarometer november

Periode 22/10–28/10. 957 intervjuer. Feilmarginer fra 1–3,1 pp.
R
6,0 %
+2,4
SV
7,4 %
+0,8
AP
23,7 %
−0,4
SP
17,5 %
−1,1
MDG
6,1 %
−1,7
KRF
3,9 %
+0,2
V
3,3 %
−0,1
H
21,8 %
+2,1
FRP
8,4 %
−0,2
Andre
2,0 %
−2,0
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten. Tallene er sammenliknet med stortingsvalgmålingen for oktober. 957 intervjuer er gjennomført, hvorav 703 har oppgitt partipreferanse.

Lysbakken: – Håpar Raudt opnar døra for forpliktande samarbeid

Audun Lysbakken og SV gjer det også bra på målinga, med ein oppslutnad på 7,4 prosent. Lysbakken er glad for at både han og Moxnes gjer det bra, og håpar at det kan bidra til Raudt vil revurdere sitt kontante nei til regjeringsmakt.

– Det denne målinga syner er at den radikale venstresida gjer det bra, og det handlar om at mange er urolege for utviklinga i samfunnet vårt. Eg oppmodar Raudt om å vere villige til å forplikte seg. Det er viktig at røystene til den radikale venstresida faktisk får utteljing, og då lyt ein slutte å lukke dører.

Stort fleirtal for dei raudgrøne partia

Generelt gjer dei raudgrøne partia det bra på denne målinga. Til saman får Raudt, SV, MDG, Ap og Senterpartiet 113 stortingsmandat. Det er 28 fleire enn dei treng for eit fleirtal på Stortinget.

Det tyder mellom anna at dei gamle regjeringskameratane SV, Senterpartiet og Ap har 93 mandat, og dermed har god margin til å lage eit fleirtal utan både MDG og Raudt.

Dei fire regjeringspartia Venstre, KrF, Frp og Høgre får til saman 56 stortingsmandat på målinga. Ved valet i 2017 fekk dei 88. Venstre og KrF får høvesvis 3,3 og 3,9 prosent oppslutnad, og til saman fem mandat på målinga. Høgre går litt fram samanlikna med NRK si førre måling, men ligg framleis an til å miste 8 mandat på Stortinget. Frp får 8,4 prosent. Det er berre 0,2 prosentpoeng mindre enn på førre måling, men det er 13 stortingsmandat færre enn ved stortingsvalet i 2017.

Audun Lysbakken (SV) på Folkemøte i Korskirken i Bergen

GOD MÅLING: Også SV og Audun Lysbakken gjer ei god måling.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Nedgang for MDG

Miljøpartiet Dei Grøne er det partiet som går mest tilbake på denne målinga, samanlikna med førre meiningsmåling for NRK.

Med ein oppslutnad på 6,1 prosent gjer dei det framleis mykje betre enn ved stortingsvalet for to år sidan, og aukar talet på mandat med ni. Likevel kan oppturen partiet opplevde i valkampen sjå ut til å ha snudd litt.

Noko anna som har snudd sidan valkampen, er bompengeopprøret. Folkeaksjonen nei til meir bompengar markerte seg på fleire nasjonale målingar i valkampen, men på denne målinga går svaralternativet «andre» tilbake med to prosentpoeng, og alle dei minste partia har no til saman ein oppslutnad på to prosent.

Frp: – Skal setje fokus på klima og helsepolitikk

Nestleiar i Framstegspartiet Terje Søviknes er ikkje nøgd med den dårlege oppslutnaden på berre 8,4 prosent.

Han fortel at dei dårlege meiningsmålingane har vore eit tema på landsstyremøtet i Frp i helga, og at partiet no kjem til å jobbe veldig mykje med å utvikle ny politikk for å få nye veljarar.

– Vi kjem til å ha eit veldig fokus på politikkutvikling framover. Det handlar om å breie ut politikken vår, slik at vi snakkar om fleire ulike saker. Klima, miljø og energi er eitt tema vi skal fokusere på, helsepolitikk og eldre er eit anna, seier Søviknes.

Han meiner at dei gongane Frp har klart å løfte seg frå dårlege meiningsmålingar, så er det ved å ha god politikk på mange ulike saksfelt.

Terje Søviknes

IKKJE BRA NOK: Terje Søviknes og FrP er klare på at denne målinga ikkje er bra nok for partiet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Arbeidarpartiet nøgde med raudgrønt fleirtal

Nestleiar i Arbeidarpartiet Bjørnar Skjæran er heller ikkje nøgd med at partiet hans berre får ein oppslutnad på 23,7 prosent.

Likevel er han glad for at raudgrøne parti ser ut til å ha eit stadig klarare fleirtal på Stortinget ifølgje målingane.

– Målinga stadfestar valresultatet. Det er klart fleirtal for eit regjeringsskifte, sjølv om vi sjølvsagt ikkje er nøgde med denne målinga. Arbeidarpartiet lyt ha høgare oppslutnad om vi skal få gjennomslag for ein politikk for mindre skilnader, avsluttar nestleiaren.

SISTE NYTT

Siste meldinger