Hopp til innhold

Ny type soning for sjuke fangar får raudgrøn støtte

Aps forslag om ei ny soningsform for dei aller sjukaste haustar applaus frå SV. Senterpartiet meiner forslaget er interessant.

Psykiater Randi Rosenqvist

Psykiater Randi Rosenqvist har teke til orde for ein ny type soning for sjuke innsette. No får ho støtte frå AP og SV.

Foto: Lise Åserud / NTB

I fleire år har rettspsykiater Randi Rosenqvist tatt til orde for ein ny type institusjon for sjuke straffedømde. No får ho støtte frå Arbeidarpartiet.

Ap går til val på eit program der dei skriv at dei vil «etablere tryggingsheimar for forvaringsdømte i tett samarbeid med helseføretaka», skriv Klassekampen.

Sikkerhetsavdelingen på Dikemark

Mange av dei farlegaste psykisk sjuke fangane sit i dag på Sikkerheitsavdelingen på Dikemark.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Det finst nokre menneske som er farlege for andre og som ikkje kan rehabiliterast. Nokre av dei er kronisk psykotiske, nokon er hjerneskadde. Eg syntest ingenting om at dei skal sitje i fengsel i 50 år, seier Rosenqvist.

Jenny Klinge i Sp.

Jenny Klinge (Sp) likar ideen om ein annan type soning for sjuke fangar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Justispolitisk talsperson i Sp, Jenny Klinge, seier dei vil setje seg inn i forslaget.

– Dette synest å vere i tråd med det vi er opptekne av. Dei sjukaste fangane må få betre oppfølging. Dette vil vi sjå nærare på, seier Klinge.

Justispolitisk talsperson i SV Petter Eide liker òg det han høyrer.

– Dette er ny politikk for Ap, og i tråd med det eg har meint heile tida, seier han.

Petter Eide (SV)

Petter Eide frå SV seier han er samd i forslaget frå Ap.

Foto: Martin Roaldsø / NRK

AKTUELT NÅ