Hopp til innhold

Rasande lokalpolitikarar krev at Ap tek tak i sjukehusstrid

Nordmøre-politikarar er i harnisk over at fødetilbod blir nedlagd. Ap-leiar Jonas Gahr Støre deler deira kritikk av manglande politisk styring av sjukehusa.

Nordmøringar til åtak på foretaksmodellen

F.v. Tove-Lise Torve, Hanne Berit Brekken og Kjell Neergaard frå Nordmøre.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Nok er nok. Helseføretaksmodellen må bli skrota, uttalar Arbeidarpartipolitikarar frå Nordmøre i eit opprop mot korleis sjukehusa blir styrte.

Dei er sinte fordi gravide på Nordmøre frå og med hausten må reise ein time ekstra for å føde – i opptil tre timar – når fødeavdelinga i Kristiansund blir nedlagd.

– Det synest eg er for langt, seier ordførarkandidat i Aure kommune, Hanne Berit Brekken.

Nedlegginga blei nyleg i bestemt av styret helseføretaket i Møre og Romsdal. Fødeavdelinga blir skrota fem år før eit nytt fellessjukehus for Molde og Kristiansund skal stå ferdig.

Vedtaket blei gjort framfor ei forsamling der politikarar sat makteslause.

– Folk og politikarar blir ikkje høyrde. Vedtak blir gjort over hovudet på oss, seier Brekken.

Kristiansund-ordførar Kjell Neergaard blei så provosert over vedtaket om å legge ned «føden» i byen hans, at han forlèt styremøtet i sinne.

– Prosessane rundt vedtaket er heilt horrible og er basert på ei tynn fagleg suppe som er lett å plukke frå kvarandre av nesten kven som helst, seier han.

I ettertid har kommunane på Nordmøre kutta samarbeidet med helseføretaket.

Saknar stemma til folket

På Arbeidarpartiets landsmøte første dag, og medan distriktspolitikk blir diskutert, gjekk han, Brekken og fylkesordførarkandidat Tove-Lise Torve, alle frå Nordmøre, frå talarstolen til åtak på helseføretaksmodellen for sjukehusa – som Ap sjølv var med på innføre.

– Eg meiner at modellen har utvikla seg annleis enn vi trudde. Vi må sjå om vi kan gjere noko innanfor dagens modell, eller om vi må finne ein ny, seier Neergaard til NRK.

Delegatane skuldar på at helseminister Bent Høie (H) har kasta politikarane ut av styra i helseføretaka.

– På Nordmøre erfarer vi ein modell utan politisk styring som skyver fagfolk framføre seg. Det fører til ein sentralisering der kjøtvekta rår, og ein samlar tenester der det er kraftsenter frå før, torar Neergaard.

Dei meiner at helseføretaka er meir oppteken av botnlinja og eige budsjett enn kva vedtaka får for konsekvensar for folk.

– Håper de at meir politisk styring vil hindre nedleggingar av sjukehus i heile landet?

– For oss er det for seint, men vi håper at andre skal sleppe å oppleve det vi har skjedd. Prosessar må skje etter meir demokratiske prinsipp. Det er heilt utanfor politisk styring og kontroll, seier Neergaard.

– Korleis kan politikarar gjere dette betre?

– Dei blir vald for fire år om gangen, og gjer du ikkje ein god nok jobb, blir du ikkje attvald.

– Kva med styrets argument om at ein ikkje har fått tak i nok jordmødrer i Kristiansund?

– Det er berre tull og har blitt tilbakevist av fødeavdelinga. Det same gjeld vi har mange keisarsnitt er fordi folk kjem for å ta det, fordi vi har barneavdeling i Kristiansund, men ikkje i Molde, seier Kristiansund-ordføraren.

Får støtte frå Støre

Nordmøringane får støtte frå partileiar Jonas Gahr Støre.

Jonas Gahr Støre

Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Eg har stor forståing for frustrasjonen deira. VI har ein helseminister, som kvar gang det blir vanskeleg, dekker seg bak ikkje-politiske styresmakter, seier Støre om Høie.

– Han tek ikkje tak i nokon av desse utfordringane. Slik blir det når ein år for år løyver mindre pengar til sjukehusa, held partileiaren fram.

Samstundes held Støre fast på dagens modell for sjukehusa, men meiner at nokon endringar må til.

– Vi ønskjer å gjere endringar, som styrker den politiske styringa av dagens modell. Det vil vi gjere dersom vi får fleirtal. Vi meiner at statleg eigarskap av sjukehusa, basert på sterk regional styring, er ein god modell, seier han.

AUF tek til orde for gode fødetilbod

Delegatane vonar no at Aps landsmøte vil setje i gang ein prosess fram mot neste stortingsval i 2021 for å evaluere helseføretaksmodellen.

AUF har i sosiale medium blitt oppmoda til å støtte oppropet. I debatten om distriktspolitikk torsdag kom det indirekte støtte frå AUFs nestleiar Astrid Hoem, utflytta kristiansundar.

For å få kvinner til å flytte heim, så treng dei å vite at dei har ein stad å føde ungane sine, påpeika ho.

– Vi må jobbe for at det å flytte heim ikkje blir minusprosjekt, at alle skal ha ein stad å bu, uansett kor det er i landet, sa Hoem.

– Ei avsporing å skyte på Høie

Høgres helsetalsperson, Sveinung Stensland, avviser kritikken mot helseministeren og manglande politisk styring av helseføretaka.

Sveinung Stensland, helsepolitisk talsmann Høyre

Sveinung Stensland er Høgres helsetalsperson på Stortinget.

Foto: Stortinget

– Det er ei avsporing å forfølgje føretaksmodellen og skyte på Høie. Det Høgre og Høie har gjort, er å vere tydeleg på at ein vil ha inn folk med ulik bakgrunn og kompetanse i styra på det som er blant Noregs største føretak. Det trur vi er fornuftig, seier Stensland.

Han meiner at Støre ikkje gjorde noko meir enn Høie då han sjølv var helseminister.

– Det er slik modellen er, ministrar gir sine signal gjennom føretaksmøte. Styret har ansvaret for føretaket utanom det. Det var heller ikkje kortare demonstrasjonstog då Anne-Grete Strøm-Erichsen var helseminister for Ap.

Fagleg grunngitt vedtak

I Stortingets spørjetime onsdag viste Høie til at nedlegging er fagleg grunngitt og at det både er rett og nødvendig i overgangen til eit felles sjukehus.

Helseminister Bent Høie (H)

Helseminister Bent Høie (H).

Foto: Stortingets nett-TV

Helseministeren kritiserte kommunane som bryt samarbeidsavtalane og viser til at dei har plikt til å inngå nye avtalar straks dei gamle tek slutt.

AKTUELT NÅ