Hopp til innhold

Rapport gir håp for brystopererte

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen varslar fem strakstiltak for å fjerne køane og redusere ventetida for kreftopererte som ventar på brystrekonstruksjon.

Frå venstre Lise Askvik, Lill Thommesen og Thorbjørg Mikkelsen.

Grunn til optimisme, seier frå venstre Lise Askvik, Lill Thommesen og Thorbjørg Michelsen.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

– Dette gir grunn til optimisme, seier tre brystkreftopererte kvinner, Lise Askvik, Lill Thommesen og Thorbjørg Michelsen. Dei har håp om at rapporten vil setje fart i arbeidet med å få bort ventelistene.

1400 i kø

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen lovar å få slutt på køane for brystreproduksjon.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Statsråden fekk fredag ettermiddag overlevert ein rapport med forslag til tiltak for brystkreftopererte som ventar på såkalla brystrekonstruksjon. I dag står om lag 1400 i kø for slike operasjonar, og mange har venta i fleire år. Dei som har venta lengst har stått i kø i åtte år.

Anne-Grete Strøm-Erichsen varslar no at det kjem til å bli satsa mykje på å gjere brystrekonstrusjon samstundes som kreftoperasjonen, dersom dette er medisinsk mogleg.

Men ho seier også at det kan ta inntil tre år før køane er borte. Køane er lengst for dei som ventar på å få nytt bryst frå eige vev (600), og det er for denne gruppa det kan ta tre år å få bort.

For gruppa som ventar på reproduksjon ved hjelp av protese (800), er ventetida i dag på opptil to år.

Vil byggje opp kapasitet

Statsråden lovar å byggje opp og utnytte kapasiteten ved sjukehusa i Oslo, Tromsø, Trondheim, Bergen, Stavanger, Telemark og Østfold.

Strøm-Erichsen seier det skal bli lik praksis i heile landet. Dessutan skal det bli nye faglege retningsliner og nasjonale krav til behandling av brystkreft seinast før sommaren.

Statsråden vil vurdere samling av brystkreftbehandling ved sjukehus med plastikkirurgi.

Ho vil også redusere talet på dei mest kompliserte operasjonane. Enklare inngrep skal brukast der det er medisinsk fornuftig.

Skal passe på statsråden

– Dette er ein svært god og grundig rapport. No skal vi passe på at Strøm-Erichsen følgjer han opp, seier Lise Askvik, som sjølv står på venteliste for brystreproduksjon etter ein kreftoperasjon. Ho har fronta kampen for prioritering av denne typen operasjonar, blant anna gjennom Facebook-sida "Vi venter fandenmeg ikke på ny pupp etter kreft" . Gruppa har i dag rundt 20.000 følgjarar.

Askvik viste blant anna til at når ein mann får testikkelkreft og må fjerne ein stein, så får han tilbod om eit silikonimplantat etter tre månader. Når det er snakk om bryst er det snak om ei ventetid på mellom tre og fem år.

Thorbjørg Michelsen har stått i kø i fire år for ein brystreproduksjon. Ho har vore fortvila og frustrert, men har no eit håp om ein operasjon i løpet av 2012.

– Gode intensjonar

– Rapporten er veldig bra med mange gode intensjonar, men eg vil sjå resultat før eg vågar å tru på det, seier ho til NRK.no. Ho får støtte frå Lill Thommesen, som har vore i same situasjonen.

Ho orka ikkje å gå og vente på operasjon, og tok avgjerda om å betale for ein operasjon på ein privat klinikk for eigne pengar. Det kosta henne 250.000 kroner.

Alle tre er opptekne av kor psykisk vanskeleg det er for ei kvinne å ha berre eitt bryst.

Verst i Oslo

Situasjonen i Oslo er verre enn andre stader. NRK har tidlegare avslørt at brystopererte i Oslo kan risikere å vente fleire år lenger enn kvinner i resten av landet. Brystreproduksjon etter kreftoperasjon er ikkje på ventelistegarantien, og slike operasjonar blir såleis puffa nedover på prioriteringslista hos offentlege plastiske kirurgar.

Anne-Grete Strøm-Erichsen sa etter å ha fått overlevert rapporten at rekonstruksjon av bryst skal vere ein del av brystkreftbehandlinga, og at tilbodet skal vere like godt over heile landet. Ho lovde at arbeidet med å auke kapasiteten alt er sett i gang.

Noreg på topp i Europa

Helsestatsråden viste også til tal frå OECD om at Noreg ligg på topp i Europa når det gjeld å overleve etter brystkreft.

– Eg slo i fjor sommar fast eit mål om at 80 prosent av kreftpasientane skal vere i gang med behandling innan 20 dagar etter tilvising. Mange sjukehus klarer i dag denne målsetjinga, seier Strøm-Erichsen.

LES OGSÅ: – Utrolig pinglete av de rødgrønne

LES OGSÅ: Elin Synnøve har ventet på nye bryst i fire år

AKTUELT NÅ