NRK Meny
Normal

Ranarane stal bilen til Inger etter sjokkbrekk

Inger Schjølberg vakna i natt av eit forferdeleg bråk og glas som knuste. Då ho stod opp såg ho at bilen hennar var borte, truleg stolen av ranarane som braut seg inn i kjøpesenteret like ved.

Tyver kjørte natt til lørdag rett inn hovedinngangen på kjøpesenteret på Østerås i Bærum med bil.

Ranarane brukte ein bil som rambukk for å kome seg inn på Østerås senter i Bærum.

– Eg låg og sov, då eg vakna av eit forferdeleg bråk. Eg høyrde at det vart knust glas og slått og banka. Det gjekk føre seg i kring 10 minutt, fortel Inger Schjølberg til NRK.

Ho sovna til att og tenkte ikkje meir over lydane.

– Då eg vakna i dag, høyrde eg på radioen at det hadde vore eit innbrot på Østerås senter i Bærum. Og det er jo rett over vegen for meg, seier Schjølberg.

– Bilen stod ikkje der eg parkerte han

Inger Schjølberg

Inger Schjølberg vakna av eit rabalder i natt. Då det vart lyst såg ho at bilen var borte.

Foto: Andreas Molland / NRK

Ho kika ut og såg det store oppstyret med politibilar og liknande. Så la ho merke til at bilen hennar var borte frå parkeringsplassen ho kunne sjå frå leilegheita si.

Politiet reknar med at ranarane har køyrt av garde med Schjølberg sin bil etter at dei braut seg inn på Østerås senter i Bærum. Gullsmedforretninga Juvelen var truleg målet for innbrotet.

Bilen politiet etterlyser no er ein grøn Golf Joker, 1997-modell.

– Innbrot har jo skjedd før, og det skjer over alt, men det er sjokkerande for oss at det skjer så nært. Eg er i sjokk og er heilt skjelven, seier Inger Schjølberg.

Bil inne i Østerås senter

Bilen ranarane brukte som rambukk er ein annan bil som truleg er stolen.

Foto: Andreas Molland / NRK

– Fekk ikkje med seg det dyraste i butikken

Det var berre gullsmedforretninga Juvelen som vart rana. Gjerningsmennene bar med seg fleire sekkar på ryggen, men dei fekk ikkje med seg det dyraste i butikken, fortel politiet i Asker og Bærum til NRK.

Ifølgje NTB vart den same gullsmedforretninga rana i byrjinga av desember 2012.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger