Hopp til innhold

Ramma av flykaoset? Dette har du rett på

– Det er eit nedfelt prinsipp hos alle forsikringsselskap at når det er tekniske problem med flya, så er det flyselskapet sitt ansvar, seier informasjonsdirektør Jon Berge i Europeiske reiseforsikring.

Boeing 737 800 MAX frå Norwegian.

Norwegian har sett alle dei åtte flya av typen Boeing 737 MAX 8 på bakken.

Foto: Norwegian

Mange som har bestilt reiser med Norwegian eller andre selskap, der turen skulle gå med Boeing 737 MAX 8, lurer på om reiseforsikringa dekker utgiftene når flygingar blir innstilte.

Jon Berge i Europeiske reiseforsikring

Jon Berge er informasjonsdirektør i Europeiske reiseforsikring.

Foto: If

Jon Berge i Europeiske seier til NRK at det kan vere aktuelt å dekke utgifter til ekstra overnattingar og liknande om nokon kjem i ein situasjon der dei strandar på ein stad dei i utgangspunktet ikkje skulle til. Dette i tilfelle det er vanskar med å få flyselskapet til å dekke dette.

Kommunikasjonssjef Georg Richvoldsen i Conan Forsikring er også klar på at situasjonen med fly som blir sette på bakken på grunn av tekniske feil, er flyselskapet sitt ansvar.

Krav på å booke om

Forbrukarrådet seier at flyselskapet skal tilby tre alternativ, om flyet ein har billett til blir innstilt.

  • Passasjeren har rett på å få refundert kostnaden for den delen av reisa vedkomande ikkje får nytte seg av.
  • Passasjeren har krav på at reisa blir booka om, slik at ein kjem seg fram til målet sitt så raskt som mogleg. Passasjeren har då krav på mat og drikke som står i rimeleg forhold til ventetida.
  • Passasjeren har rett til å booke ei ny reise på eit seinare tidspunktet på same vilkår som reisa som ikkje blei noko av.

Følgjer EUs regelverk

Informasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian seier at selskapet følgjer EUs regelverk for passasjerrettar. Første prioritet for Norwegian er å få passasjerane dit dei skal så fort som mogleg.

Lasse Sandaker-Nielsen

– Vi følgjer EUs regelverk for passasjerrettar, seier informasjonssjef Lasse Sandaker-Nielsen i Norwegian.

Foto: Jim Anderson/Boeing Photographer / Norwegian

– Vårt ansvar er at passasjerane blir så lite ramma som mogleg av at dei 18 Boeing 737 MAX 8-flya blir sette på bakken. Og vi jobbar med ein plan som skal sikre at passasjerane skal kome fram dit dei skal, seier han til NRK.

Han reknar med nokre tusen passasjerar blir ramma av at denne flytypen no blir teken ut av trafikk. Han fortel at alle passasjerar som blir ramma blir informerte via SMS, og elles bør alle følgje med på nettsidene til Norwegian og på sosiale medium.

Sandaker-Nielsen poengterer at dei som blir ramma av at denne flytypen blir sett på bakken, berre er ein liten del av selskapet si kundemasse. Dei fleste flygingane går som normalt, seier han.

I ei pressemelding skriv Norwegian at det på grunn av den usikre situasjonen ikkje er mogleg for selskapet å tilby å refundere billettar eller å booke om for passasjerar på framtidige avgangar der det er planlagt å bruke flytypen Boeing 737 MAX.

To ulukker på kort tid

I løpet av eit halvt år har to passasjerfly av typen Boeing 737 MAX 8 styrta, og dei to ulukkene har fleire likskapstrekk.

Den siste ulukka skjedde tidleg søndag morgon. Eit fly av denne typen frå Ethiopian Air på veg til Nairobi i Kenya styrta like etter avgang frå Addis Abeba. 157 menneske miste livet, blant dei den norske bistandsarbeidaren Karoline Aadland frå Bergen.

I oktober i fjor styrta eit fly av same typen frå det indonesiske selskapet Lion Air like etter avgang, og alle dei 189 om bord omkom. Årsaka til ulukka er enno ikkje kjend.

Dette har du rett på når flyet er innstilt

Hele Europa stenges for Boeing 737 MAX 8

– Sett alle Boeing 737 MAX 8 på bakken straks

AKTUELT NÅ