Hopp til innhold

Raja får støtte i OSSE: – Hent alle IS-mødrer og barn heim

MARRAKECH (NRK): – Alle IS-mødrer og barna deira må hentast heim frå Syria. Det seier Venstres Abid Raja og får støtte til topps i OSSE. Men Framstegspartiet seier nei.

Abid Raja, OSSE, Marokko

Venstres Abid Raja på OSSE-møte i Marrakech der han jobbar for å få IS-mødrer og barna deira heim frå Syria.

Foto: Knut Magnus Berge / NRK

Abid Raja er på møte i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa, OSSE, i Marokko. Han leiar antiterror-komiteen i OSSE, og jobbar for at organisasjonen plasserer eit klart ansvar på heimlanda til IS-kvinnene og barna deira.

Fem kvinner og seks barn

Det er i dag fem norske kvinner med til saman seks barn i Al-Hol og Al Roj-leirane i Syria. Mest akutt er situasjonen for ein avmagra og sjuk norsk fireåring.

– Det er berre eit tidsspørsmål før guten døyr dersom vi ikkje gjer noko. Og då kan vi ikkje sitte passivt å seie at sidan eitt parti på Stortinget (Framstegspartiet red.anm.) ikkje vil hente mødrer heim, så kan vi ikkje gjere noko. Mi bøn til statsminister Erna Solberg er: Skjær gjennom, hent heim desse barna no, så får vi straffeforfølge mødrene her heime, seier Raja.

Norsk IS-kvinne og to barn i leiren Al Hol

Den norske kvinna i Al Hol med den sjuke fireårige sonen og søstera hans.

Foto: Christine Svendsen / NRK

Kvinnene og barna er Noregs ansvar

– Vi må jobbe gjennom den norske regjeringa. Alle land må ta ansvar for eigne borgarar. Norske statsborgarar i leiren er ikkje kurdiske styresmakters ansvar. Og i solidaritetstenkning er det urettvist at eit svakt institusjonelt og fattig land skal handtere norske statsborgarar. Noreg må ansvar for våre eigne statsborgarar, seier han.

I resepsjonsområdet i det enorme konferansesenteret i Marrakech står 57 flagg. OSSE blei skipa etter den kalde krigen og har som formål å løyse politiske konfliktar med fredelege middel. I tillegg til europeiske land er også USA, Canada og dei tidlegare sovjetrepublikkane i Asia med. Marokko og andre middelhavsland har observatørstatus.

Abid Raja, komiteleder, OSSE

Abid Raja, leiar for antiterror-komiteen i OSSE, her saman forgjengaren freske Makis Voridis.

Foto: Knut Magnus Berge / NRK

Støtte til topps

Denne helga slutta komiteen for antiterror i OSSE opp om kravet om at medlemslanda skal hente eigne borgarar heim. Men Abid Raja har støtte for arbeidet heilt til topps i OSSE.

– Delegatane frå dei 57 landa som representerer ein milliard menneske, har bestemt at antiterror-komiteen under Abid Rajas leiing skal legge fram forslag på dette feltet. Vi vil følge deira tilrådingar og komiteen har allereie vedtatt denne planen, seier OSSEs italienske generalsekretær, Roberto Montella.

Så seint som fredag stemte stortingsfleirtalet, inkludert Venstre, mot eit forslag om pålegge regjeringa å hente fireåringen og mora heim. Raja seier grunngjevinga var formell, at det ikkje er Stortinget som skal behandle enkeltsaker, og at ein må jobbe vidare gjennom regjeringa.

– Ikkje Noreg verdig

Fleire europeiske land har allereie henta heim eigne statsborgarar, seinast den konservative regjeringa i Austerrike.

Mottakssenteret til al-Hol, Syria

Det er svært kummerlege forhold i Al Hol og Al Roj leirane i Syria der fem norske kvinner og seks barn bor.

Foto: Christine Svendsen / NRK

– Dette er ikkje Noreg verdig, vi skal vere den moralske høgborga. Det å ikkje hente desse barna utset dei for dødsrisiko, og på lang sikt vil barna kunne radikaliserast. Det er i vår interesse å hente dei, seier Raja.

KrF støtter Venstre i denne saka, og parlamentarisk leiar Hans-Fredrik Grøvan seier KrF dagleg jobbar for at regjeringa kan fatte ei avgjerd om å hente dei norske IS-mødrene og barna deira til Noreg.

Jon Helgheim i Frp vedgård at det er ein viktig diskusjon, men at partiet ikkje vil ha IS-kvinnene hit til landet.

– Eg vil ikkje vere den som bidreg til å hente personar til Noreg som kan finne på å utøve terror, seier han.

AKTUELT NÅ