Hopp til innhold

– Norske muslimer vil kunne høyre på Choudary

Venstrepolitikar Abid Raja reagerer kraftig på utsegna frå jihadisten Anjem Choudary og meiner Noreg bør vere kraftig på vakt over påverkingskrafta Choudary og Krekar har på norske muslimar.

Video Abid Raja om Choudary

KLIKK FOR VIDEO: Abid Raja reagerer kraftig på jihadist-utsegna til Choudary.

I eit intervju med NRK fortalte den britiske jihadisten Anjem Choudary korleis han meiner den norske regjeringa leikar med elden ved å fengsle mulla Krekar. Vidare sa han at «alle gode muslimar må vere villige til å ta alle nødvendige middel i bruk for å få Krekar ut av fengsel».

Dette får den norsk-pakistanske venstrepolitikaren Abid Raja til å reagerer kraftig.

– Det finst ingen krig

– Eg synest dette er svært alvorleg. Han har ein klar bodskap der han oppfordrar til kriminelle handlingar, og me veit at det diverre finst dei i Noreg som lar seg bli inspirert av slik retorikk.

– Kva er det du reagerer mest på med utsegna til Choudary?

– Eg reagerer sterkt på at han oppfordrar heilt konkret til kriminelle handlingar og å føre ein krig. Som om me skulle vere i krig, som om brune og kvite skulle vere i krig. Som om muslimar og kristne er i krig. Det er ingen slik krig i Noreg, seier ein tydeleg opprørt Raja.

– Stusselege klovnar

– Krekar og Choudary er ikkje berre stusslege klovnar, men dei er direkte farlege. Og det bør dei rette styresmaktene følgje nøye med på.

Raja har sjølv følgt med på utspela til Choudary dei siste åra, og fortel at Choudary i den seinare tid har nådd ut til langt fleire enn før.

– Når han no når gjennom med bodskapen sin i andre vestlege land, så ser me at han rekkjer lengre no enn berre for få år sidan.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger