NRK Meny
Normal

Qvigstad hardt ut mot terror-lekkasjar

Førstestatsadvokat Lasse Qvigstad meiner at årsaka til at Oslo tingrett oppnemnde to nye rettspsykiatriske sakkunnige i terrorsaka, var ulovlege lekkasjar i pressa.

Video Qvigstad om psykiatri-lekkasjar

VIDEO: Sjå heile debatten her.

Qvigstad sa i Dagsnytt 18 på NRK i kveld at det var disse ulovlege lekkasjane som førde til den offentlege debatten, og som igjen har ført til at tingretten har oppnemnt nye sakkunnige.

«Massivt taushetsbrudd»

I Aftenposten i dag har Qvigstad ein kronikk om dette under tittelen «Debatt skapt av et massivt taushetsbrudd».

På spørsmål frå debattleiar Anne Grosvold om ikkje det er eit demokratisk sunnheitsteikn at domstolane høyrer på det som røyver seg blant innbyggjarane, så slo førstestatsadvokaten fast at ein då like godt kan bruke uttrykket folkedomstol.

– Det er eit grunnprinsipp at domstolane skal vere uavhengige, det er eit ideal, og det er eit problem for dette systemet at så mykje hemmeleg materiale kjem ut, sa han.

LES OGSÅ: Statsadvokatane ber ikkje om ny Breivik-rapport

LES OGSÅ: Begjærer ny sakkyndigrapport

Etisk dimensjon

– Desse opplysningane har kome media i hende via massivt lovbrot, eg veit ikkje frå kven, la han til. Qvigstad gav uttrykk for at han sakna den etiske dimensjonen ved dette. Han samanlikna pressa sin bruk av materiale frå ulovlege lekkasjar med andre menneske sitt forhold til tjuvegods.

Førstestatsadvokaten meiner at debatten om den rettspsykiatriske rapporten, som har kome media i hende via ulovlege lekkasjar, ikkje burde ha kome før rettssaka. Han meiner det er eit viktig rettsprinsipp at det som skjer i retten skal byggje på det som kjem fram under rettsforhandlingane.

– Eg forstår pressa si kritiske rolle, men det skal kome etter dommen, sa han.

LES OGSÅ: Stiller seg bak Breivik-rapporten

LES OGSÅ: Vil ha ny vurdering av Breivik

Ser ikkje problemet

Sjefredaktør i Aftenposten, Hilde Haugsgjerd, sa i debatten med Qvigstad i Dagsnytt 18 at ho ikkje greier å sjå det store problemet med at avisa har skaffa fram hemmelegstempla informasjon frå den rettspsykiatriske rapporten.

Ho gjorde det klart at dei har diskutert informasjonen nøye internt, og at dei har brukt skjønn når det gjeld kva materiale som kan offentleggjerast.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger