NRK Meny
Normal

Quick kan gå fri etter falske bevis

Nye bevis kan føre til at drapsdømde Thomas Quick blir frifunnen for drapet på norske Therese Johannessen.

Video nsps_upload_2010_3_19_8_46_48_5.jpg

Det er ei gåte kvifor "beinrestane" vart brukte som bevis, meiner tidlegare leiar i valdsavsnittet i Oslo-politiet Finn Abrahamsen.

Aldri bevist

Beinrestane, som var ein viktig del av bevisføringa mot Thomas Quick, har vist seg å vere trebitar.

- Det er for meg ei gåte at ein brukte dette som bevismateriale, om det viser seg at det har skjedd. Det vart aldri påvist at det var beinrestar frå Therese den gongen, men ein meinte at det kunne vere frå eit menneske, seier Abrahamsen til NRK.

Kan bli frikjent

Abrahamsen trur det no er store sjansar for at Quick kan bli frikjent for drapet på Therese Johannessen, som forsvann frå Fjell i Drammen i 1988.

- Slik det ser ut no, så ser ikkje dette veldig lyst ut for det han er dømd for. No gjenstår det å sjå om svenske påtalemyndigheiter bestemmer seg for å ta opp igjen saka.

Eg har aldri vore overbevist om at Thomas Quick var skuldig. Vi kan ikkje sjå vekk frå at han er heilt uskuldig, seier Abrahamsen til NRK.

- Verst for mora

Han meiner det er verst for mora til Therese at saka kjem opp på ny.

- Ho må gå gjennom dette igjen. Ho får aldri fred. Eg meiner dette er forferdeleg for ho, seier Abrahamsen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger