Hopp til innhold

Qatar sende tilbake minnekort – intervju med VM-sjefen sletta

NRK har fått tilbake minnekorta som blei beslaglagde etter at to journalistar blei arrestert på jobb. Alle intervju og bilde er sletta. – Rein sabotasje, meiner Norsk Redaktørforening.

NRK-journalister arrestert i Qatar

Etter nesten to døgn i varetekt i Qatar kom NRK-journalistane Halvor Ekeland og Lokman Ghorbani heim i november. Dei blei møtt av familie, venner og kollegaer på Gardermoen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

I november blei NRK-journalistane Halvor Ekeland og Lokman Ghorbani arresterte då dei var på jobb i Qatar. Dei måtte sitte i varetekt i nesten to døgn, før dei blei sette fri.

Qatarske styresmakter seier grunnen til at dei to blei arrestert, var at dei hadde teke seg inn på privat grunn.

No har NRK fått tilbake minnekorta som blei beslaglagt. På korta var det blant anna bilde og intervju med sjefen for fotball-VM i Qatar og FNs arbeidsorganisasjon, ILO. Men alt innhaldet er sletta.

– Det ser heilt klart ut til at noko av det vi har filma, er ting dei ikkje vil at vi skal vise. Blant dei tinga som er sletta er altså det offisielle intervjuet vi gjorde med VM-sjefen. Men det får vi ikkje vist no, seier Ekeland.

Halvor Ekeland sjekker minnekort han har fått tilsendt fra Qatar.

NRK-journalist Halvor Ekeland går gjennom minnekorta som qatarske styresmakter tok frå han i november.

Foto: Anders Boine Verstad / NRK

Fryktar skadevare

Journalistane fekk spelt over til Noreg noko materiale medan dei var i Qatar, men mykje av råmaterialet er no borte.

Minnekorta og batteri til kamera har kome til Noreg denne veka etter hjelp frå ambassaden i Qatar og TV 2. I neste veke er det venta at meir av utstyret, blant anna kameraet, der det kan vere eit minnekort til, og personlege eigedelar også kjem.

Qatar

Qatar har henta inn gjestearbeidarar for å bygge stadiona som trengst til neste års fotball-VM.

Foto: Halvor Ekeland / NRK

NRK har gått gjennom korta. I tillegg til å slette alt innhaldet, har nokon også gjort endringar i formateringa av minnekorta. Det gjer at NRK er ekstra forsiktige, seier Sidsel Avlund som jobbar med sikkerheit i NRK.

– Vi veit ikkje korleis dei har gått fram når dei har sletta innhaldet. Men det er tydeleg at ein del av korta har vore formatert i ei datamaskin. Det gjer at vi er skeptiske. Vi må anta at det er skadevare på korta.

NRKs journalistar intervjua blant anna den tidlegare toppspelaren Peter Schmeichel same dag som dei blei gripne.

Kallar det sabotasje

Då arrestasjonen av dei to journalistane blei kjent, reagerte både nordiske redaktørar og fotballforbunda i Norden på handlinga. UD tok også kontakt med den qatarske ambassadøren for å legge fram Noregs syn på arrestasjonane.

Det at qatarske styresmakter no også har sletta upublisert journalistisk materiale, er svært alvorleg, seier generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening til NRK.

– Det er rein sabotasje av journalistikken, og på dei som er ute på oppdrag. Dette vil seie at journalistar som reiser til Qatar risikerer å bli arresterte og få øydelagt materialet sitt. Det er eit angrep på den frie journalistikken, og med det demokratiske institusjonar, seier han.

Arne Jensen, leder Norsk Redaktørforening

Generalsekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening ser alvorleg på at NRK-opptaka blei sletta.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven

Men sjølv om Qatar har arrestert fleire journalistar dei seinare åra, vil Jensen likevel ikkje råde norske medium til å ikkje reise til VM-arrangøren.

– Dette er noko den enkelte redaksjon og redaktør må vurdere. Dei må gjere ei risikovurdering og finne ut kva forholdsreglar dei må ta før dei eventuelt reiser. Men journalistikk handlar ofte om å dekke område med konflikt og område som ikkje følger demokratiske prinsipp. Og då må ein også av og til ta sjansar.

Styresmaktene i Qatar har tidlegare sagt at deira historikk når det gjeld pressefridom snakkar for seg sjølv, og at ingen journalistar som respekterer Qatars lover er gripne.

NRK har vore i kontakt med Fifa for å få ein kommentar til slettinga av minnekorta, men dei har så langt ikkje svart på førespurnaden.

NRKs journalistar intervjua blant anna den tidlegare toppspelaren Samuel Eto'o same dag som dei blei gripne.

AKTUELT NÅ