NRK Meny
Normal

PST: Finst 5-10 «Krekar-saker»

Instruksen som ligg til grunn for vedtaket om å senda mulla Krekar til Kyrksæterøra kan gjelda for «5-10 saker», skriv PST i eit hemmelegstempla dokument som NRK har fått innsyn i.

PST-dokument om instruksen bak Krekar-tvangsflytting

Den finst truleg fem til ti 'Krekar-tilfelle', opplyser PST i eit brev sendt til Justisdepartementet i fjor.

Foto: Skjermdump / NTB scanpix / Montasje

Innspill fra PST til justisdepartementet i arbeid med ny instruks

Dette er eit utdrag frå brevet som blei sendt frå PST til Justisdepartementet og hemmelegstempla i september i fjor. Der stå det at instruksen som no er brukt til å fatta vedtak om tvangsflytting av mulla Krekar, vil gjelda for '5-10 saker'.

Foto: Skjermdump

Brevet frå PST blei sendt til Justisdepartementet i september i fjor. Det var eit innspel til styresmaktene sitt arbeid med å formulera ein ny instruks – eit pålegg om fast bustad og meldeplikt for personar som er utviste fordi dei utgjer ein trugsel mot grunnleggjande nasjonale interesser, men som ikkje kan sendast ut av landet.

Ordknappe om andre Krekar-saker

Instruksen blei innført den 14. januar i år, og som ein direkte konsekvens kom vedtaket om å tvangsflytta mulla Krekar til Kyrksæterøra i Sør-Trøndelag

. Ein «Krekar-instruks», meiner kritikarane som har skulda justisminister Anders Anundsen (Frp) for å instruera politiet i ei enkeltsak.

Til sitt forsvar har Anundsen sagt at dette gjeld «ei handfull personar», utan å konkretisera kor mange, eller kven dette gjeld. Også PST, etaten som vurderer om personar er ein trugsel mot tryggleiken i Noreg, har vore tilbakehaldne med å svara på dette.

I brevet, som hittil har vore unnateke offentlegheita men som NRK no har fått, kjem det altså likevel fram at PST meiner ein slik instruks truleg vil gjelda for «5-10 saker».

Det kjem ikkje fram av dokumentet kven det er snakk om. NRK har fredag ikkje lukkast i å få ein kommentar frå verken PST eller Justisdepartementet.

Påpeika svakheit med tvangsflytting-instruks

PST stiller seg i det same brevet også positive til å flytta spesielt farlege personar til «utkant-Noreg», og meiner det vil redusera faren for at dei rekrutterer andre til ekstremisme.

PST erkjenner likevel at tvangsflytting vil ha liten effekt dersom personen hovudsakleg påverkar andre via sosiale media.

Både forsvarar Brynjar Meling, forfattar Lars Akerhaug og ein av dei norsk-busette kurdarane som Krekar har truga på livet har poengtert at det hovudsakleg er via internett og telefon at Krekar er i kontakt med og til inspirasjon for ekstremistiske grupper.

.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger